Show simple item record

dc.contributor.advisorJager, Andreas Benedikt
dc.contributor.authorRøyrvik, Magnus
dc.date.accessioned2022-07-12T15:51:20Z
dc.date.available2022-07-12T15:51:20Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:110319777:44697254
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3004721
dc.description.abstractOppgåva er ei komparativ studie som tek opp barndom i skjønnlitteraturen. Hovudfokuset er på framstillinga av og karakterutviklinga til Wilfred frå romanen Lillelord (1955) av Johan Borgen, og Charlotte frå romanen Kinderwhore (2018) av Maria Kjos Fonn. Studien viser ei historisk utvikling der barnet har kome meir i sentrum, både i samfunnet og skjønnlitteraturen. I samtidslitteraturen kjem det spesielt tydeleg fram. Større kunnskap om barndom og barn som går gjennom traume, viser igjen i framstillingsmåtar og tematikk i skjønnlitteraturen. Den narratologiske analysen av karakterane viser at avstanden mellom forteljar og karakter er liten i Lillelord og stor i Kinderwhore, noko som påverkar framstillinga av karakterane. Studien viser fordelar og ulemper med å framstille psyken til ein litterær karakter med stor eller liten avstand. Det er særleg framstilling av traume som vert analysert i oppgåva, og ei drøfting om kva som er mest formålstenlege måten å framstille traume på. Nylesinga av Lillelord viser Wilfred frå eit barneperspektiv. Karakterane i oppgåva går gjennom store problem i oppveksten, men vert møtt på ulik måte av dei vaksne i verka. Charlotte er traumatisert fordi ho vert offer for eit overgrep, noko som kjem tydeleg fram i framstillinga. Wilfred viser klare teikn til å vere traumatisert på grunn av sjølvmordet til faren, sjølv det på grunn av nærleiken mellom forteljar og karakter ikkje kjem like eksplisitt fram som for Charlotte. Oppgåva viser at Wilfred er utsett for det eg med eit moderne syn på barndom vil kalle overgrep, og at det aktiverer traumet med den døde faren. Betydninga av empati i nære relasjonar og i litteraturen, samt kor viktig funksjon skriving og litteratur han ha som terapi, er andre funn. Empati frå kjærasten og skriving som terapi, gjer at det er Charlotte av dei to karakterane som vert rehabilitert, medan Wilfred til slutt går gjennom eit samanbrot.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleTo litterære karakterar som kryssar sine spor: Ei komparativ studie av framstillinga av Wilfred frå "Lillelord" (1955) og Charlotte frå "Kinderwhore" (2018)
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record