dc.description.abstract | Undercoverjournalistikk er ein sjanger som får mykje merksemd når den blir brukt, og enkelte ting går igjen i verk basert på denne journalistikken. Hovudelementet er at journalisten brukar falsk identitet for å finne ut ting dei ikkje ville klar hadde det opptredd som journalistar i arbeid.
I denne oppgåva analyserer eg tre verk som er basert på funn henta inn gjennom undercoverjournalistikk; Griseindustriens Hemmeligheter, En Piga bland Pigor, og Aller Nederst.
Hovudanalysen går på korleis denne forma for journalistikk har endra seg dei siste hundre åra, representert i dei tre verka. Innhentinga av data og gjennomføringa av journalistikken har endra seg, korleis funna blir presentert har endra seg, korleis folk ser på stoffet ein finn har endra seg, og ikkje minst har dei etiske problemstillingane knyta til journalistikken endra seg.
Sekundæranalysen går på sluttprodukta sin kvalitet. Korleis verka blir mottatt blir påverka av kvaliteten; er det høg kvalitet vil fleire lese eller sjå verket, og den viktige journalistikken du har gjennomført vil nå ut til fleire folk. På den måten er det større sjanse for å klare å forandre ting innanfor området ein har undersøkt.
Avslutningsvis ser eg på forskjellige liknadar og skilnader mellom verka for å kunne sjå eit mønster av korleis undercoverjournalistikken som heilheit har endra seg. I den seksjonen vendar prøvar eg å sjå meir vidt på verka for å finne trendar, heller enn å finne element i kvart enkelt verk. | |