Bibelallusjonar i Presten
Abstract
Bibelen som verk har vorte populær å vise til. Den blir òg i dag alludert til av samtida sine forfattarar. Hanne Ørstavik brukar bibelallusjonar som eit litterært verkemiddel i boka si Presten. Dette til tross for at ein i dag gjerne har mindre kunnskap om bibeltekstar enn før. Det er gjennomgåande i romanen, at hovudpersonen tenker og reflekterer gjennom Bibelen. Bibelen er inngripande i hovudpersonen sitt liv, på alle plan. Det er interessant å sjå korleis Ørstavik gjer allusjonane tilgjengelege for lesarane. I tillegg er det interessant å sjå betydninga allusjonane har for romanen i heilskap. I denne oppgåva har det vorte plukka ut nokon bibelallusjonar frå Ørstavik sin roman, og desse vart vidare analysert.