Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMosvold, Reidar
dc.contributor.authorLillestøl, Ingeborg
dc.date.accessioned2023-07-22T15:51:15Z
dc.date.available2023-07-22T15:51:15Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uis:inspera:146808115:34449162
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3080892
dc.description.abstractLæreplanen i matematikk peikar på at elevane mellom anna skal få resonnere og argumentere. Heilklassediskusjonar gir gode moglegheiter for dette og elevforklaringar er ein sentral del av matematiske heilklassediskusjonar. Mange lærarar brukar likevel meir tradisjonelle samtalemønster i si matematikkundervisning, sjølv om forskinga peikar på at ein bør gå over til alternative samtalemønster slik som heilklassediskusjonar. Denne studien prøvar difor å svare på korleis elevforklaringar i heilklassediskusjonar i matematikk kan sjå ut og korleis læraren kan respondere på desse forklaringane. Datamaterialet blei samla inn gjennom lyd- og videoopptak frå matematikkundervisninga til to klasser på 5. trinn over to veker. Deltakarane var ein lærar og to klasser som ho underviste. Observasjonane frå dei fem undervisningsøktene i kvar klasse blei transkribert. Vidare blei datamaterialet frå den eine klassa analysert ved hjelp av Drageset sine kategoriar for elevforklaringar og lærarhandlingar. Avgrensingar blei gjort og berre dei elevforklaringane som var riktig eller delvis riktig blei koda. Funna viser at forklaring av framgangsmåte var den mest sentrale elevforklaringa. Læraren responderte ofte på elevforklaringane ved å poengtere forklaringa og be andre elevar om å vurdere elevforklaringa. Resultata viser at elevane og læraren si rolle i heilklassediskusjonane er annleis enn i tradisjonell undervisning.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleElevar sine forklaringar i matematiske heilklassediskusjonar og læraren sin respons på desse: Ein kasusstudie av matematikkundervisning på 5. trinn
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel