Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorFauskanger, Janne
dc.contributor.authorSandvik, Trygve
dc.date.accessioned2023-07-26T15:51:22Z
dc.date.available2023-07-26T15:51:22Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uis:inspera:146807964:35668769
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3081473
dc.description.abstract«Resonnering og argumentasjon» er eitt av kjerneelementa i den nye læreplanen i matematikk, og har med det fått auka fokus og ein viktig plass i matematikkfaget i skulen. Med bakgrunn i dette har denne studien som føremål å samla kunnskap om resonnering og argumentasjon i heilklassesamtalar i matematikkundervisning, og tek sikte på å gje svar på fylgjande forskingsspørjemål: Korleis nyttar læraren ulike typar handlingar for å støtta kollektiv resonnering og argumentasjon hjå elevar i heilklassesamtalar i matematikkundervisninga på 5. trinn? Det vart samla inn data gjennom observasjon av ein lærar si matematikkundervisning på 5. trinn, og gjennomført ein teoridriven analyse av dette datamaterialet. Resultata vert diskutert i ljos av relevant tidlegare forsking. Studien konkluderer med at læraren støttar kollektiv resonnering og argumentasjon hjå elevane mellom anna gjennom å nytta få direkte bidrag til kollektiv resonnering og argumentasjon, slik at elevane får rom for å trena på å utveksla resonnement og argument med kvarandre. I tillegg nyttar læraren mange spørjande handlingar og ein del andre støttande handlingar som både direkte oppfordrar elevane til å resonnere og argumentere i heilklassesamtalane, og legg til rette for ein klasseromskultur som fremjar kollektiv resonnering og argumentasjon.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleBruk av lærarhandlingar for å støtta kollektiv resonnering og argumentasjon hjå elevar i heilklassesamtalar i matematikkundervisning
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel