Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSandemose, Sigrid
dc.contributor.authorRangnes, Erle
dc.date.accessioned2024-07-02T15:51:22Z
dc.date.available2024-07-02T15:51:22Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.uis:inspera:227109541:34496844
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137345
dc.description.abstractHelga Flatlands roman Etterklang (2022) er ein samtidsaktuell roman som løftar både bonden og urnorske tradisjonar. Her møter vi dei to forteljarane Johs og Mathilde, kor førstnemnte kjem frå ei bygd i Telemark og sistnemnte kjem frå byen Oslo. Bygd og by-tematikken er ein berande del av romanen, kor dette spenningsforholdet eksisterer i struktur, forteljarar, handling, målform og allusjonar. I relasjon til bygd og by-tematikken, blir fela og folkekulturen viktig i Etterklang. Romanen løfter fram slåttesogene frå den tradisjonsrike, norske folkekulturen og gjenfortel desse ved hjelp av Johs og bestefaren Johannes. Kapittelinndelinga er strukturert etter notar som viser til stemming av ei trollstemt fele: A, #c, E, e, A, #f, #C, a. Store bokstavar viser til overstrenger, små bokstavar til understrenger. På denne måten er romanen delt inn i to delar, overstrengdel og understrengdel. Denne studien har som formål å analysere korleis spenningsforholdet mellom bygd og by kjem til uttrykk, og kva slags funksjon fela og slåttesogene speler i romanen. Avhandlinga nyttar to taksonomiar, Fela og Norsk dualisme, for å strukturere analysen. Først blir det gitt ei innføring i hardingfeletradisjonen. Her blir teori om fele og slåttesoger introdusert, før eg gjer ei lesing av tre norske segn som eit grunnlag for å kunne undersøke fela si funksjon i romanen. Så blir omgrepet eg har danna for avhandlinga, norsk dualisme, introdusert. Norsk dualisme omfattar spenningsforholdet mellom bygd og by, som har prega Noreg sidan nasjonsbygginga skaut fart på 1800-talet. Arne Garborg (1877) blir nytta for å introdusere kulturnasjonalismen, som ligg til grunn for omgrepet norsk dualisme. Edward Said (2001) blir også nytta som teoretisk grunnlag for omgrepet. Det blir hevda at bygd og by er diskursar som rommar gitte handteringsmåtar. Avhandlinga hentar underordna kjenneteikn til norsk dualisme, som knytast til bygd, by, bonden og bybuaren, frå fem ulike verk relatert til bygdelitteraturen. Desse skal bidra til lesinga av Etterklang som ein bygderoman. Avhandlinga nyttar sjølve fela som ei metodisk tilnærming til lesing av Etterklang. Ved hjelp av ein strukturanalyse, deler eg analysen inn i tre nivå med namn etter musikalske omgrep, som analogiar for tekstens struktur. Det øvste nivået kallar eg melodilinja, som viser til bygd og by-tematikken i romanen, med to forteljarar frå kvar sitt miljø. Det neste nivået er samklangen og handlar om allusjonar vevd inn i teksten. Det siste nivået er det trollstemte, som er endå meir komplekst og undersøker romanens prosjekt på eit djupare plan. Analysen startar med det øvste nivået og går nedover til det djupaste nivået. I romanen eksisterer det ei tydeleg melodilinje, men også ein kompleks stemming, og denne kjem til syne i alle dei paradoksale elementa som eksisterer i romanen. Det vil vise seg at Etterklang reproduserer stereotypiar knytt til bygd, by, bonde og bybuar. Romanen tek ei vending, på handlingsplanet, som er ei mogleg overskriding av det så langt realistiske. Det opnar for å kunne lese slutten av romanen som fantastisk. Slåttesogene som er gjenfortalt gjennom Johs og Johannes kan fungere som ein mise en abyme-struktur, kor dei kan framstå som eit spegel for sjølve handlinga.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUIS
dc.title"Draumar om Huldri og Fossekallen": Bygd og by i Helga Flatlands Etterklang (2022)
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel