Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBru, Edvin
dc.contributor.authorGjerald, Elin
dc.date.accessioned2024-07-09T15:51:16Z
dc.date.available2024-07-09T15:51:16Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.uis:inspera:229931939:71384301
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3139422
dc.description.abstractEttersom det aldri har vore så mange menneske på flykt i verden og den norske skulen tek i mot, og vil fortsetja med å ta i mot svært mange traumeutsette flyktningelevar framover er det viktig å sjå på korleis ein kan ta i mot desse elevane og legga til rette for dei på best mogleg måte. Føremålet med denne oppgåva har vore å setta lys på flyktningelevar sine utfordringar i møte med skulen, samt korleis ein kan legga til rette med tanke på motivasjon, læring og trivsel i klasserommet. Studien tok utgangspunkt i lærarane sitt perspektiv og forskarspørsmåla var: 1.Kva utfordingar erfarer lærarar at flyktningelevar møter i skulen? 2.Korleis jobbar lærarar med flyktningelevar sin motivasjon, læring og trivsel i klasserommet? Studien har hatt eit kvalitativ forskingsdesign der fem erfarne lærarar i innføringsklassar på tre ulike skular har vorte intervjua. Dette har vorte grunnlaget for ei tematisk analyse. Det har vore viktig å sjå på teori og forsking, og belysa ulike aspekt og erfaringar frå lærarar som omhandlar korleis det kan vera å komme til eit heilt nytt land som flyktning og skal starte på norsk skule. Samt korleis ulike forhald som akkulturasjon, stress og eventuelle traume kan påverka læring. Dette har vore viktig for å forstå utfordringane og for å få fram korleis ein kan leggja til rette for flyktningelevane i klasserommet. Hovudfunn frå studien indikera at flyktningelevar sine utfordringar i møte med skulen er komplekse, der samansett stress, bekymringar, og store språk- og kulturforskjellar gjer det vanskeleg for flyktningelevane å tilpasse seg. Det at utfordringane er så komplekse og at flyktningelevane kjem med lite bakgrunnsinformasjon gjer at det kan liggja traume hjå elevane som ikkje kjem fram. I denne samanhengen kjem det fram at lærarane i studien har fokus på å legga til rette for eit læringsmiljø som er bra for alle flyktningelevar, om dei har traume, akkulturativt stress, begge deler eller ingen av delande. Dette får fram ein diskusjon om traumeomgrepet i pedagogisk praksis, der det blir sett på om det å legge til rette for denne typen læringsmiljø ikkje må vere ein eigen praksis eller metode, men ein kompetanse med ein naturleg integrert plass i alle tilnærmingar for å fremja eit godt læringsmiljø for alle elevar. Videre viser funn frå studien at det å legga til rette for tryggheit og tilhøyrsle i klassen er eit viktig fundament i arbeidet med flyktningelevar. Støttande relasjonar frå både frå lærar og medelevar kan ha stor betyding for flyktningelevar sin motivasjon for læring, faglege utvikling og trivsel på skulen. I tillegg kan støttande relasjonar også verke dempande på stress og dei mentale påverknaden stress kan medføra. Eit anna sentralt funn viser også at det kan vere store variasjonar blant flyktningelvar i innføringsklassar, noko som krev ei undervisning som er svært variert og som er tilpassa kvar enkelt flyktningelev. Ved å legge til rette for meistringsopplevingar med variert og tilpassa undervisning, samt ei undervisning der flyktningelevane ser ein verdi, meining og samanhenga med skulefaga er dette med på å bidra til både motivasjon, læring og trivsel for flyktningelevane i klasserommet.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUIS
dc.titleEin intervjustudie om lærarar sitt møte med flyktningelevar i skulen. Flyktningelevar sine utfordringar og lærar si tilrettelegging si tilrettelegging for motivasjon, læring og trivsel i klasserommet.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [1059]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel