Kampen mot kjønnsbasert vald: Forbindelsar, systersolidaritet og visjonar i den norske krisesenterrørsla,1976 til 1983.
Abstract
Denne masteroppgåva tek føre seg historia til krisesenterrørsla i Noreg frå 1976 til 1983. Hovudfokuset for oppgåva er å belysa kvifor og korleis krisesenterrørsla arbeidde for å adressera og nedkjempa kjønnsbasert vald mot kvinner gjennom å oppretta private strukturar i form av hjelpetilbod som krisesenter og krisetelefonar som valdsutsette kvinner kunne nytta seg av. Oppgåva argumenterer for at den norske krisesenterrørsla har påverka utviklinga i både handsaminga av og haldningane til kjønnsbasert vald i Noreg gjennom arbeid på individ og strukturnivå. Vidare argumenterer oppgåva for at arbeidet har vore utført transnasjonalt, nasjonalt og lokalt. Oppgåva er sett saman av tre empiriske kapittel som kvar for seg utforskar ulike delar av krisesenterrørsla sitt verke og tek føre seg kvart sitt analytiske konsept: forbindelsar, systersolidaritet og visjonar.
Det fyrste kapittelet utforskar krisesenterrørsla sine forbindelsar, og undersøker korleis den norske krisesenterrørsla vart til som eit resultat av transnasjonal inspirasjon. Her vert det argumentert for at inspirasjon og samarbeid på tvers av landegrenser var avgjerande for å identifisera eit problem i ein norsk kontekst og for etableringa av eit norsk tilbod.
Det andre kapittelet undersøker korleis det konkrete tilbodet ein kunne tilby kvinnene i naud såg ut. Kapittelet argumenterer for at det var ei sterk systerskapskjensle som låg til grunn for arbeidet og organiseringa, og syner til at arbeidet ein utførde både fylde ein hjelpefunksjon på både individ og strukturnivå, gjennom å tilby konkret hjelp samstundes som ein kartla tendensar, adresserte samfunnsproblem og bidrog til å redusera omfanget av kjønnsbasert vald mot kvinner på samfunnsnivå.
Det tredje og siste empiriske kapitelet ser på krisesenterrørsla sine politiske og samfunnsmessige visjonar. Kapittelet utforskar særleg arbeidet rørsla utførde utanfor krisetelefonane og sentera. Kapittelet argumenterer for at krisesenterrørsla i si samtid bidrog til sentrale endringar i det norske samfunnet både på eit juridisk og haldningsmessig plan. This master’s thesis delves into the history of the Norwegian women’s refuge movement from 1976 to 1983. The focus of the thesis is to shed light on why and how the movement worked to combat gender-based violence against women by establishing private structures in the form of support services, such as women’s refuges and crisis hotlines, that women could utilize. The thesis argues that the Norwegian women’s refuge movement influenced the development of both the treatment and attitudes words gender- based violence in Norway, through operations on an individual and structural level. The thesis further argues that the work has been carried out on a transnational, national and local level. The thesis consists of three empirical chapters, each exploring different aspects of the women’s refuge movement’s operations and focusing on of their respective analytical concepts. connections, sister solidarity and visions
The first chapter explores the connections of the women’s refuge movement, examining how the Norwegian movement emerged as a result of transnational inspiration. The chapter argues that inspiration and collaboration across boarders were crucial for identifying a problem in a Norwegian context and for establishing a Norwegian support service.
The second chapter investigates the concrete assistance provided to women in need. It argues that a strong sense of sisterhood was fundamental for the movements work and organization. The chapter show that the work performed served both an individual and structural function, by offering concrete assistance while also identifying trends, addressing societal issues, and contributing to reducing the prevalence of gender-based violence against women on a societal level.
The third and final empirical chapter examines the political and societal visons of the women’s refuge movement and explores the work the movement carried out beyond the crisis hotlines and the refuges. The chapter argues that, in this time, the movement contributed to significant changes in Norwegian society both in terms of legislation and attitudes.