Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBjuland, Raymond
dc.contributor.authorRefve, Karianne Åsland
dc.date.accessioned2024-07-18T15:51:25Z
dc.date.available2024-07-18T15:51:25Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.uis:inspera:229877712:147530560
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3142174
dc.description.abstractFleire studiar har peika på lytting som ein understudert dimensjon, og understreka behovet for meir forsking på korleis læraren lyttar til elevane. Dialogbasert undervisning har fått ei sentral rolle i den norske læreplanen, og legg til rette for gode moglegheiter til læring og uviktig sjå elevane. Denne kvalitative studien har difor sett nærare på læraren sin lyttepraksis under matematiske heilklassesamtalar, med fokus på delane der elevane uttrykkjer ulike formar for vanskar i møte med matematikken. For å synleggjere læraren sin lyttepraksis er studien sine forskingsspørsmål todelt: Korleis lyttar ein grunnskulelærar til elevar som uttrykkjer vanskar under matematiske heilklassesamtalar?, og kva refleksjonar gjer læraren seg rundt eigen lyttepraksis i undervisninga? Forskingsspørsmåla vert studerte gjennom analysar av seks etterfølgjande undervisningsøkter i to klassar på sjette trinn. Totalt består materialet av tolv undervisningsøkter og to lærarintervju. Læraren sin lyttepraksis vart analysert med utgangspunkt i to rammeverk utvikla for å studera lytting i undervisninga Analysane er supplerte med to lærarintervju, her får ein informasjon rundt klassane sine matematiske nivå og klassemiljøa, læraren sine grunngjevingar rundt val i undervisninga og læraren sine refleksjonar rundt eigen lyttepraksis. Resultata synar at fortolkande lytting er den hyppigast nytta lyttepraksisen. Dei ulike lyttepraksisane påverkar i ulik grad dei matematiske samtalane i undervisninga, og læraren si evne til å rettleie elevane gjennom vanskane dei uttrykkjer. Masteroppgåva er motivert av å gjere fleire lærarar meir bevisste på viktigheita av refleksjon rundt eigen lyttepraksis, samt eit ynskje om å vere eit bidrag til forskingshulla rundt lærarlytting. Studien er for liten for å gjere hulla nemneverdig mindre, men eg håpar likevel at studien kan vera til inspirasjon for andre på forskingsfeltet til å studera lærarlytting nærare.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUIS
dc.titleEin grunnskulelærar sin lyttepraksis under matematiske samtalar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [1070]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel