Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBRAAK, DIEUWER TEN
dc.contributor.authorØdegård, Maja
dc.date.accessioned2024-07-18T15:51:30Z
dc.date.available2024-07-18T15:51:30Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.uis:inspera:229875651:49578852
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3142178
dc.description.abstractFormålet med studien er å undersøke korleis ulike mekanismar kan vere med på å forklare mobbeoffera sine akademiske prestasjonar i skulen. Dette blir gjort gjennom ein systematisk hurtigoversikt på kvantitativ forsking på fagfeltet. Studien si problemstilling er: Kva mekanismar er med på å forklare mobbeofferet sitt akademiske resultat på grunnskulen? For å finne relevante studiar som kan vere med på å svare på problemstillinga er det føretatt systematiske søk i databasen Web of Science. Til slutt møtte sju studiar, med til saman 60 012 informantar frå fem forskjellege land, inklusjonskriteria som på førehand av screeninga var utarbeida. For å analysere data blei det tatt i bruk ein narrativ analyse, samt at det blei utarbeida tre forskingsspørsmål som skulle danne grunnlaget for analysen: 1. Kva er samanhengen mellom mobbing og ulike mekanismar?, 2. Kva er samanhengen mellom ulike mekanismar og akademiske resultat? & 3. Kva er samanhengen mellom mobbing og akademiske resultat via ulike mekanismar? Funn frå analysen fann at mekanismane skuletilhøyring, engasjement, klasseromåtferd og psykiske vanskar var med på å påverke mobbeofferet sine akademiske prestasjonar i skulen. Det blei funne ein korrelasjon mellom mobbing og dei ulike mekanismane, samt mellom mekanismane og elevane sine akademiske prestasjonar. På bakgrunn av desse resultata burde ein setje inn tiltak som minskar mobbing i skulen, samt fremjar eit positivt skulemiljø. Resultata fremmar også viktigheita med lærarstøtte i skulen. I skulekvardagen burde det vere stort fokus på at alle elevar skal føle på ei tilhøyring på skulen, samt at dei følar seg engasjerte. Det er viktig at ein kontinuerleg evaluerer tiltak, slik at ein kan minimera mobbing og effekten den har på elevane sine akademiske resultat.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUIS
dc.titleMekanismar som kan forklare mobbeofferet sitt akademiske resultat: Ein hurtigoversikt
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [1070]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel