«Jeg er et helt liv i redningsvest»: Identitetsprosessar og didaktisk potensial i Sumaya Jirde Ali si diktsamling Melanin hvitere enn blekemiddel (2018)
Abstract
I denne masteroppgåva har eg undersøkt det didaktiske potensialet i Sumaya Jirde Ali si diktsamling Melanin hvitere enn blekemiddel, med fokus på korleis identitet blir framstilt. Identitet er i analysane av fem utvalde dikt blitt drøfta opp mot Homi Bhabha sine teoriar om hybriditet og det tredje rom. Bhabha ser på identitet som eit flytande fenomen som ikkje er fastsett, og meiner at identitet oppstår «in-between» kulturar (Bhabha, 2006, s. 72). Det tredje rom er eit hypotetisk rom som oppstår i prosessen der ulike kulturar møtast. Når ein person «oppheld» seg i eit tredje rom møtast dei ulike kulturane, og dei kryssast. Noko nytt blir då skapt, der ulike kulturelle identitetar blir utforska (Bhabha, 2006, s. 53). I denne oppgåva vil eg sjå på identitet i lys av Bhabha sine teoriar om hybriditet, som knytt til identitet omhandlar at ein ikkje kan sjå på identitet som eit fastsett fenomen. Identitet består av ulike kulturelle element, og ulike identitetar kjem saman, der desse må bli sett på som eit eige, nytt fenomen (Bhabha, 2006, s. 5).
Dei fem analysane blir vidare diskutert i ein drøftingsdel, der identitetsperspektivet blir drøfta gjennom det kritiske potensialet i dikta. Som lesar leitar ein ikkje etter mønster i Melanin hvitere enn blekemiddel å vere kritisk til, men dikta er kritiske i seg sjølv. Kritikken ligg ikkje eksplisitt i tekstane, men skjuler seg i det store tolkingsrommet. Dikta inneheld eit rikt metafor- og bilderikt språk, og opnar for analytisk arbeid. Dette analytiske arbeidet er vilkåra for kritisk tenking, som igjen legg vilkår for diskusjonane rundt identitet i dikta.
I den didaktiske drøftingsdelen av oppgåva blir litterære samtalar presentert som mogleg arbeidsmåte for å få fram det kritiske potensialet og diskusjonane rundt identitet i dikta. Litterære samtalar skal vere frie og utforskande samtalar der elevane kollektivt får utforske tekstar (Hennig, 2017, s. 163). I samband med dikta i denne oppgåva argumenterer eg for at dei litterære samtalane skal ha nokre faste rammer, der læraren må vere bevisst i si rolle under arbeidet. Dette fordi ein risikerer at elevane ikkje kjem på sporet av det kritiske potensialet og identitet om dei får ha heilt frie samtalar utan rammer. Som lærar skal ein byggje eit reisverk som eleven skal utvikle seg i, og som elev kan støtte seg på. Etter kvart når eleven blir meir sjølvstendig, kan ein som lærar fjerne reisverket, og eleven kan stå på eigne bein (Bråten, 1996, s. 132). Som lærar skal ein rettleie og støtte elevane i arbeidet, og det å stille autentiske spørsmål til elevane vil derfor vere viktig i dette arbeidet. In this master´s thesis, I have examined the didactic potential of Sumaya Jirde Ali´s poetry collection Melanin hvitere enn blekemiddel, with a focus on how identity is portrayed. In the analyses of the five poems, identity has been discussed in in relation to Homi Bhabha´s theories of hybridity and third space. Bhabha sees identity as a fluid phenomenon, and believes that identity emerges “in-between” cultures (Bhabha, 2006, p. 72). Third space is a hypothetical space that arises in the process where different cultures meet. When a person “stays” in this third room, the different cultures meet and intersect. Different cultural identities are then explored, and this gives rise to something new (Bhabha, 2006, p. 53). The thesis will also examine identity in the light of Bhabha´s theories of hybridity, which suggest that identity cannot be seen as a permanent phenomenon. Identity consists of different cultural elements, and different identities converges, forming a new phenomenon (Bhabha, 2006, p. 5).The five analyses are further discussed in a discussion section, where the perspective on identity is discussed through the critical potential of the poems. As a reader, you do not seek for patterns in Melanin hvitere enn blekemiddel to criticize; rather, the poems themselves are critical. The criticism is not explicit in the texts, but resides within the broad realm of interpretation. The poems contain metaphorical and figurative language, which invites to analytical work. The analytical work is essential for critical thinking, which, in turn, facilitates discussions surrounding identity in the poems. Literary conversations are presented as a possible method to bring out the critical potential and the discussions around identity in the poems. These conversations must be free and exploratory discussions where students collectively explores texts (Hennig, 2017, p. 163). I believe that the literary conversations need some established framework, where the teacher must be conscious of their role during the process. This is because there is a risk that the students may not uncover the critical potential if they are allowed to have free conversations without frames. As a teacher, you must construct a framework where the student can develop and rely for support. Gradually, when the student becomes more independent, a teacher can remove the framework, allowing the student to stand on their own (Bråten, 1996, p. 132). It will be important to guide and support the pupils in their work, and asking them the right questions.