Nye energikrav og samarbeid i arbeidet med innovasjon : eit studie av samarbeid mellom arkitektkontor og universitet- og forskningsmiljø
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/184400Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Studentoppgaver (SV-IMS) [1384]
Sammendrag
Nye energikrav og samarbeid i arbeidet med innovasjon, er ei masteroppgåve i ”endringsledelse”.
Analysen bygger i hovudsak på ei kvantitativ undersøking blant arkitektkontor i
Rogaland vinteren 2008. Oppgåva er skriven i tilknyting til eit forskingsprosjekt ved
International Research Institute of Stavanger AS (IRIS). Temaet deira er; samarbeid om
innovasjon mellom næringslivet i Rogaland og universitet- og forskingsmiljø. I denne
masteroppgåva er næringslivet avgrensa til arkitektkontor.
Arkitektkontor er ein del av byggenæringa, ei næring som tradisjonelt har hatt få innovasjonar
og lite samarbeid med FoU-institusjonar. Bygningar er årsak til store klimautslepp på grunn
av høgt energibruk. Styresmaktene prøver å få redusert klimautsleppa med å stilla strengare
krav til energibehov for nye bygg, og større ombyggingar av eksisterande bygg. Med
utgangspunkt i dei nye føresetnadane energikravet gir arkitektkontor, er det utarbeidd
fylgjande problemstilling: Korleis vert omfanget av samarbeid mellom arkitektverksemder og
universitet- og forskingsmiljø, for å finne meir innovative løysingar, påverka av det nye
energikravet?
Konteksten tek utgangspunkt i arkitektane og deira rolle i byggeprosjekt. Deretter er dei
viktigaste endringane i nye energikrav skildra før valde teoriar om samarbeid, innovasjon og
kreativitet blir presentert.
Utfordringar som fylgje av lav svarprosent på spørjeskjemaet er handsama i kapittelet som
handlar om design og skildring av metode. Dette viser også kva metodeval som er gjort, utval
og innsamling av data ved hjelp av spørjeskjema.
Drøftinga dreier seg om kva omfang av, og kva type innovasjon som finn stad. Vidare tek det
for seg kor arkitektar skaffar seg ekstern informasjon i arbeidet med innovasjon, kven dei
samarbeider med og ikkje minst kva rolle dei nye energikrava har i høve til desse spørsmåla.
Dei viktigaste funna er at få arkitektkontor samarbeider med universitet- og forskingsmiljø
om innovasjonar. Ein del arkitektkontor samarbeider eksternt i innovasjonsprosessen, og det
er desse arkitektkontora som er dei mest innovative. Nye energikrav har ført til større grad av
innovasjon, særleg blant arkitektkontor som har spisskompetanse på energiutrekning. Det er rimeleg å tru at ein del av desse innovasjonane er mindre og rutineprega fornyingar, som er ei
fylgje av dei endra rammene det nye energikravet fører til.
Beskrivelse
Master's thesis in Change management