For folk flest - og flest mogleg : ein studie av Stavanger Aftenblad i endring
Master thesis
View/ Open
Date
2009Metadata
Show full item recordCollections
- Student papers (HF-IKS) [916]
Abstract
Mediehuset Stavanger Aftenblad har dei seinare åra gjennomgått ei rekke endringar. I
2006 la avisa om til tabloidformat, same året gjekk avisa over frå ettermiddagsavis til
morgonavis. Frå 2003 til 2008 har det kome til fleire redaksjonelle vedlegg som innstikk i
avisa. Utanom dette har mediehuset satsa stort på digitale plattformar; nettavis, lokalfjernsyn
og nærradio. Mediehuset flytta inn i nybygg i 2008.
Det vert sett opp to hypotesar i avhandlinga, at
Stavanger Aftenblad skal vera ei avis som fell i smak for folk flest, ei avis som desse
kan finna leseverdig, nyttig og interessant som hovudavis, og som dagleg regional
premissleverandør for debatten.
Stavanger Aftenblad skal vera ei avis flest mogleg. Dette inneber å avgrensa
tilbakegangen i opplag og vera størst i konkurransen med andre aviser i regionen, for å skaffa
inntekter nok til å behalda og vedlikehalda det menneskelege og materielle
produksjonsapparatet, og ikkje minst syta for eit overskot som aksjonærane er nøgde med.
Avhandlinga diskuterer kulturen i verksemda, samarbeidsklima og organisasjon.
Endringane i avisa vert diskuterte med hovudfokus på tabloidomlegginga. Denne førde
mellom anna for lesaren til at lesemåte og navigering i saka gjekk raskare. Navigering i avisa
vart lettare, streng seksjonering i dei ulike delane fremma dette. Det viser seg òg at lesaren, i
saksomfang, ikkje mista informasjon, strengare redigering i ulik storleik på oppslaga, saman
med spesialstoff i vedlegg sikra dette. Omleggingane som er gjorde med avisa vert det
konkludert med medfører at avisa vender seg til fleire interessegrupper enn avisa gjorde i
tabloidformat, og endringane vert grunna i marknadstilpassing.
Vidare vert grunnsyn og redaksjonell line drøfta og sett opp mot dei ulike kreftene
som påverkar redaksjonen. Grunnsynet vert undersøkt mot dei politiske partiprogramma, og
samanlikna med to andre regionaviser sitt grunnsyn. Det vert konkludert med at Aftenbladet
er partipolitisk uavhengig, hevdar likevel eit politisk syn, og skal som bidra til
samfunnsutviklinga. Pressa sitt samfunnsoppdrag er sjølvkonstruert, og kan verta sett på som
ein forretningside. Denne dannar grunnlag for Aftenbladet sitt grunnsyn.
Ulike krefter verkar inn på redaksjonen frå lesarar, eigarar, annonsørar og kjelder.
Desse er skjulte og vanskelege å avdekka, men det vert likevel sannsynleggjort at dei kan vera
reelle. Desse gjer redaksjonen mindre fri og uavhengig. Det vert konkludert med at
hypotesane vart heldt, og at Aftenbladet er fundamentert både på eit ideologisk bein i
grunnsyn og redaksjonell line, og eit kapitalistisk med dei ulike kreftene som verkar inn på
redaksjonen.
Description
Master's thesis in Lesevitenskap