Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkrudland, Jon
dc.date.accessioned2009-07-06T08:17:08Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185332
dc.descriptionMaster's thesis in Lesevitenskapen
dc.description.abstractMediehuset Stavanger Aftenblad har dei seinare åra gjennomgått ei rekke endringar. I 2006 la avisa om til tabloidformat, same året gjekk avisa over frå ettermiddagsavis til morgonavis. Frå 2003 til 2008 har det kome til fleire redaksjonelle vedlegg som innstikk i avisa. Utanom dette har mediehuset satsa stort på digitale plattformar; nettavis, lokalfjernsyn og nærradio. Mediehuset flytta inn i nybygg i 2008. Det vert sett opp to hypotesar i avhandlinga, at Stavanger Aftenblad skal vera ei avis som fell i smak for folk flest, ei avis som desse kan finna leseverdig, nyttig og interessant som hovudavis, og som dagleg regional premissleverandør for debatten. Stavanger Aftenblad skal vera ei avis flest mogleg. Dette inneber å avgrensa tilbakegangen i opplag og vera størst i konkurransen med andre aviser i regionen, for å skaffa inntekter nok til å behalda og vedlikehalda det menneskelege og materielle produksjonsapparatet, og ikkje minst syta for eit overskot som aksjonærane er nøgde med. Avhandlinga diskuterer kulturen i verksemda, samarbeidsklima og organisasjon. Endringane i avisa vert diskuterte med hovudfokus på tabloidomlegginga. Denne førde mellom anna for lesaren til at lesemåte og navigering i saka gjekk raskare. Navigering i avisa vart lettare, streng seksjonering i dei ulike delane fremma dette. Det viser seg òg at lesaren, i saksomfang, ikkje mista informasjon, strengare redigering i ulik storleik på oppslaga, saman med spesialstoff i vedlegg sikra dette. Omleggingane som er gjorde med avisa vert det konkludert med medfører at avisa vender seg til fleire interessegrupper enn avisa gjorde i tabloidformat, og endringane vert grunna i marknadstilpassing. Vidare vert grunnsyn og redaksjonell line drøfta og sett opp mot dei ulike kreftene som påverkar redaksjonen. Grunnsynet vert undersøkt mot dei politiske partiprogramma, og samanlikna med to andre regionaviser sitt grunnsyn. Det vert konkludert med at Aftenbladet er partipolitisk uavhengig, hevdar likevel eit politisk syn, og skal som bidra til samfunnsutviklinga. Pressa sitt samfunnsoppdrag er sjølvkonstruert, og kan verta sett på som ein forretningside. Denne dannar grunnlag for Aftenbladet sitt grunnsyn. Ulike krefter verkar inn på redaksjonen frå lesarar, eigarar, annonsørar og kjelder. Desse er skjulte og vanskelege å avdekka, men det vert likevel sannsynleggjort at dei kan vera reelle. Desse gjer redaksjonen mindre fri og uavhengig. Det vert konkludert med at hypotesane vart heldt, og at Aftenbladet er fundamentert både på eit ideologisk bein i grunnsyn og redaksjonell line, og eit kapitalistisk med dei ulike kreftene som verkar inn på redaksjonen.en
dc.format.extent2281956 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayen
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2009en
dc.subjectlesevitenskapen
dc.subjectmediaen
dc.subjectpapiravisen
dc.subjecttabloiden
dc.subjectmediemakten
dc.titleFor folk flest - og flest mogleg : ein studie av Stavanger Aftenblad i endringen
dc.typeMaster thesisen
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040::Nordic literature: 042en


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel