Samspeltekstar i poesi av Helge Torvund
Master thesis
View/ Open
Date
2013-06-07Metadata
Show full item recordCollections
- Student papers (HF-IKS) [917]
Abstract
For meg er det særskilt ordkunsten i Helge Torvunds diktning som vekker interesse.
Eg opplever at dikta hans opnar for interessante refleksjonar om kreftene i språket og
om ekspressivitet i motiv, tematikk og det metapoetiske. Dikta vekker ein opp til å
leva no, i kvardagen, med nærleik til natur og menneskje, og til ei merksemd mot det
sjelelege. Dette vil ikkje seie at eg vil gjere ei nykritisk lesing. Å lese skjematisk har
lett for å bli instrumentalt der viktige assosiasjonar lesaren har, blir haldne unna. Men
på ei anna side er det viktig å vite kva ein ynskjer å studere i tekstar. Eg er inspirert til
å ta ein omveg, fordi den opnar for andre inngangar til tekst og poesi. Poesien har
betydning utover å ha eit hermetisk lukka meiningsinnhald.
Inspirasjonen kjem frå ein av Helge Torvunds tekstar i essaysamlinga Håplaust
forelska i sitt eige skjellett (1995). I ein av tekstane blei eg merksam på at Torvund
har med eit dikt som på eit vis er i dialog med det mest kjende Obstfelderdiktet, ”Eg
ser”. Slik eg ser det, kan diktet av Torvund lesast som eit motsvar til Obstfelderdiktet:
”Ingenting her er underleg / Bare tydeleg / Eg er ikkje på feil klode / Eg står
toføtt/Her eg står / Ikkje redd Ikkje glad / Fylt til lippene /Av det verkelege” (Ibid,
s.13). Tekstane relaterer til kvarandre, nærast som ein samtale mellom det eine
dikteget og det andre. Det er eit samspel mellom tekstane. Samspel av tekstar, eller
såkalla intertekstualitet. Min omveg til tekstane blir dermed å undersøke og diskutere
intertekstuelle samanhengar opp mot teori og diskusjonar i forskningsfeltet om
intertekstualitet og postmodernisme. (Omgepa intertekstualitet og postmodernisme
blir definerte i teoridelen).
Inspirasjonen til avhandlinga er altså det aktive som syner seg i spelet mellom tekstar,
den usynlege dialogen som føregår og opnar for erkjenning på tvers av dei. Ein kan
stille seg spørsmålet kvifor denne forfattaren bruker akkurat desse intertekstane no i
vår tid. Mitt inntrykk er at dei i litterær form samverkar til ytring og reaksjon mot
tendensar i samtida. Det er ei erkjenning av at litteraturen ikkje bare er underhaldning
eller tidsfordriv, men har ein viss dannings-, opplysnings- og ytringsfunksjon for
litteraturskrivande og -lesande menneske.
Description
Master's thesis in Literacy Studies