Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSirevåg, Jorunn
dc.date.accessioned2013-10-31T14:47:40Z
dc.date.available2013-10-31T14:47:40Z
dc.date.issued2013-06-07
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185438
dc.descriptionMaster's thesis in Literacy Studiesno_NO
dc.description.abstractFor meg er det særskilt ordkunsten i Helge Torvunds diktning som vekker interesse. Eg opplever at dikta hans opnar for interessante refleksjonar om kreftene i språket og om ekspressivitet i motiv, tematikk og det metapoetiske. Dikta vekker ein opp til å leva no, i kvardagen, med nærleik til natur og menneskje, og til ei merksemd mot det sjelelege. Dette vil ikkje seie at eg vil gjere ei nykritisk lesing. Å lese skjematisk har lett for å bli instrumentalt der viktige assosiasjonar lesaren har, blir haldne unna. Men på ei anna side er det viktig å vite kva ein ynskjer å studere i tekstar. Eg er inspirert til å ta ein omveg, fordi den opnar for andre inngangar til tekst og poesi. Poesien har betydning utover å ha eit hermetisk lukka meiningsinnhald. Inspirasjonen kjem frå ein av Helge Torvunds tekstar i essaysamlinga Håplaust forelska i sitt eige skjellett (1995). I ein av tekstane blei eg merksam på at Torvund har med eit dikt som på eit vis er i dialog med det mest kjende Obstfelderdiktet, ”Eg ser”. Slik eg ser det, kan diktet av Torvund lesast som eit motsvar til Obstfelderdiktet: ”Ingenting her er underleg / Bare tydeleg / Eg er ikkje på feil klode / Eg står toføtt/Her eg står / Ikkje redd Ikkje glad / Fylt til lippene /Av det verkelege” (Ibid, s.13). Tekstane relaterer til kvarandre, nærast som ein samtale mellom det eine dikteget og det andre. Det er eit samspel mellom tekstane. Samspel av tekstar, eller såkalla intertekstualitet. Min omveg til tekstane blir dermed å undersøke og diskutere intertekstuelle samanhengar opp mot teori og diskusjonar i forskningsfeltet om intertekstualitet og postmodernisme. (Omgepa intertekstualitet og postmodernisme blir definerte i teoridelen). Inspirasjonen til avhandlinga er altså det aktive som syner seg i spelet mellom tekstar, den usynlege dialogen som føregår og opnar for erkjenning på tvers av dei. Ein kan stille seg spørsmålet kvifor denne forfattaren bruker akkurat desse intertekstane no i vår tid. Mitt inntrykk er at dei i litterær form samverkar til ytring og reaksjon mot tendensar i samtida. Det er ei erkjenning av at litteraturen ikkje bare er underhaldning eller tidsfordriv, men har ein viss dannings-, opplysnings- og ytringsfunksjon for litteraturskrivande og -lesande menneske.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2013;
dc.subjectintertekstualitetno_NO
dc.subjectsamspeltekstarno_NO
dc.subjecthypertekstualitetno_NO
dc.subjectpoesino_NO
dc.subjectdiktno_NO
dc.subjectpoststrukturalismeno_NO
dc.subjectlesevitenskapno_NO
dc.subjectlesevitskapno_NO
dc.titleSamspeltekstar i poesi av Helge Torvundno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Literary disciplines: 040no_NO
dc.source.pagenumber67no_NO
dc.relation.projectMaster i Lesevitenskapno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel