Utvikling av staveferdigheit : ei kvantitativ undersøking i ein norsk barneskule
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/185589Utgivelsesdato
2009Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Studentoppgaver (HF-IGIS) [1164]
Sammendrag
Målet med denne masteroppgåva er å sjå på korleis elevar i barneskulen tileignar seg
staveferdigheit. Forskarar innanfor temaet staving er usamde om korleis utviklinga av
staveferdigheit går føre seg. Tilhengjarane av dei tradisjonelle stadieteoriane hevdar at
utviklinga av staveferdigheit følgjer eit bestemt mønster (til dømes Brown, 1990; Ehri, 1992;
1998; Frith, 1980; 1985; Gentry, 1982; Henderson, 1980; Henderson & Templeton, 1986;
Høien & Lundberg, 1988; Marsh, Friedman, Welch & Desberg, 1980; Nunes, Bryant &
Bindman, 1997; Templeton & Bear, 1992) . Born si staveutvikling går igjennom fleire
stadium. Kvart stadium er karakterisert av ein bestemt stavestrategi. Når ein studerer
”Overlapping Waves modellen” som gjeld staving, vil ein sjå at modellen viser at born har
tilgang på ulike stavestrategiar og vel strategi utifrå kva oppgåva krev (Rittle Johnson &
Siegler, 1999). Seymour (1987) hevdar at ortografisk stavestrategi utviklar seg på grunnlag
av fonologisk stavestrategi. I følgje ”Single-route modellen” og Burt og Fury ( 2000) blir
både kjende og ukjende ord stava med utgangspunkt i ordspesifikk informasjon.
Konneksjonistane meinar at utviklinga går føre seg ved at det skjer ei gradvis betring mellom
konneksjonane mellom språklyd og bokstav. (Skaathun, 2007)
Med utgangspunkt i dei tradisjonelle stadiemodellane vil vi stilla spørsmål om utviklinga av
stavedugleiken går igjennom ein bestemt sekvens av utviklingsstadium. Vi ønskjer også å sjå
på om utviklinga av fonologisk stavedugleik er eit avslutta løp når elevane byrjar å stava ved
hjelp ortografisk stavestrategi, og om utviklinga av stavedugleik er ulik for jenter og gutar.
Undersøkinga har ei kvantitativ tilnærming. Studien blei gjort på ein relativt stor grunnskule
på Jæren. Utvalet for undersøkinga er 376 elevar frå 1. – 7. klasse. Resultata av undersøkinga
byggjer på ei tverrsnittsundersøking i form av ein diktat som blei gjennomført på alle
klassetrinn.
Resultata frå undersøkinga kan tyda på at utviklinga av fonologisk og ortografisk stavestrategi
skjer parallelt . Dataa frå studien viser også at i einskilde periodar kan bruk av ein bestemt
stavestrategi dominera. Desse funna kan sjåast i samanheng med ”Overlapping Waves
modellen”. Resultata kan vanskeleg forklarast ut i frå stadiemodellane og det at utviklinga av
stavedugleik går igjennom ein bestemt sekvens av utviklingsstadium.Funna viser at utviklinga av fonologisk stavestrategi har ei statistisk signifikant utvikling frå
1. – 3. klasse. Utviklinga av fonologisk stavestrategi held seg relativt stabil frå 3. – 7. klasse.
Dataa viser også at utviklinga av staveferdigheit er ulik for jenter og gutar. Gutane ser ut til å
tileigna seg det alfabetiske prinsippet, eller ein fonologisk stavestrategi seinare enn jentene.
Utviklinga av ortografisk staveferdigheit startar tidlegare hjå jentene, allereie i 1.klasse.
Funna viser også at gutane ligg etter når det gjeld utvikling av ortografisk stavedugleik.
Jentene har ein statistisk signifikant auke når det gjeld utvikling av ein ortografisk
stavestrategi frå 4. – 5. klasse, medan gutane har ein statistisk signifikant auke frå 5. – 6.
klasse.
Beskrivelse
Master's thesis in Special education