Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHåland, Anne
dc.date.accessioned2014-01-13T12:19:19Z
dc.date.available2014-01-13T12:19:19Z
dc.date.issued2013-12-17
dc.identifier.citationBruk av modelltekstar i sakprega skriving på mellomtrinnet : Ei undersøking av korleis modelltekstar set spor i elevtekstar og korleis elevar posisjonerer seg i ulike sakprega skrivesituasjonar by Anne Håland, Stavanger : University of Stavanger, 2013 (PhD thesis UiS, no. 210)no_NO
dc.identifier.isbn978-82-7644-552-7
dc.identifier.issn1890-1387
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/185951
dc.descriptionPhD thesis in Reading researchno_NO
dc.description.abstractForskingsprosjektet «Bruk av modelltekstar i sakprega skriving» undersøkjer korleis elevar på 5. trinn brukar modelltekstar dei blir gitt i undervisninga. Målet med prosjektet er å finna ut om modelltekstar kan fungera som støtte for elevane som skrivarar av sakprega tekstar. Forskingsspørsmåla undersøkjer på kva måte modelltekstane og læraren si undervisning set spor i elevane sine tekstar, og korleis elevane posisjonerer seg som skrivarar. Forskingsprosjektet er designa som ein kasustudie. Kasuset inneheld fire ulike skrivesituasjonar som alle har det til felles at det er sakprega tekstar. Desse fire skrivesituasjonane er, skriving av biotoplogg, labrapport, fagtekst om eit historisk tema og fagtekst om eit naturfagleg tema. Dei fire skrivesituasjonane inneber bruk av ulike modelltekstar. Teoretisk tek prosjektet utgangspunkt i teoriar om dialog og intertekstualitet, læringsteoriar inspirert av stillasbygging, og ikkje minst teoriar om domene og posisjonering. Heilt sentralt i avhandlinga er omgrepa simulert læringsbane og det å posisjonera seg domenerelevant. Dette er omgrep som gir nokre innsikter i lesing og skriving i fag og som igjen gir nye perspektiv på feltet, både teoretisk og pedagogisk. Modelltekstane er eit ledd i ein simulert læringsbane som er tenkt å fungera som støtte for at elevane sine posisjoneringar både som naturvitarar i labrapportane og fagbokforfattarar i fagbøkene. Analysane av elevane sine tekstar viser at modelltekstane set ulike spor i elevane sine tekstar. Mange av spora er knytt til større strukturar, slik som td. komposisjonelle språklege trekk, men også mindre språklege trekk som setningar og einskilde ord og uttrykk. Undervisninga og den måten elevane og læraren brukar modelltekstane på set spor i elevane sine tekstar. Analysane viser vidare at dei 12 fokuselevane i prosjektet simulerer naturvitskaplege posisjoneringar i labrapportane og posisjoneringar som fagbokforfattarar i fagbøkene. Desse posisjoneringane er direkte uttrykt i elevtekstane i måten dei komponerer tekstane og brukar ulike språkføringar tilpassa formålet med skrivinga. Men posisjoneringa som naturvitar og fagbokforfattar kjem også til 289 uttrykk i intervjua når dei omtalar eigne tekstar og val dei har gjort i skriveprosessen. Konsekvensane av prosjektet for denne klassen har vore at elevane har vist stor begeistring for skrivinga i møte med modelltekstane. Dei har hatt metasamtalar om språk og viser ei bevisstheit om at tekstar har ulike språkføringar alt etter kva kommunikasjonssituasjon dei inngår i. Denne studien bidreg til innsikter i skriveopplæring i fag knytt til bruk av modelltekstar. Studien er aktualisert ved manglande fokus på sakprega skriving i norsk skulekontekst, både i høve til forsking og i høve til praksis. Studien er også aktualisert gjennom det sterke fokuset på skriving som grunnleggjande dugleik i fag i læreplanverket. Denne studien viser skriving som grunnleggjande dugleik i fag og korleis bruk av modelltekstar kan bidra til at elevane utviklar skrivinga i fag på faget sine eigne premissar. Studien er eit bidrag til forsking på lesing og skriving i fag og skriving som grunnleggjande dugleik forstått som ei «literacy reform».no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwayno_NO
dc.relation.ispartofseriesPhD thesis UiS;210
dc.rightsCopyright the author, all right reserve
dc.subjectlesevitenskapno_NO
dc.subjectmodellteksterno_NO
dc.subjectmellomtrinnetno_NO
dc.subjectintertekstualitetno_NO
dc.titleBruk av modelltekstar i sakprega skriving på mellomtrinnet : Ei undersøking av korleis modelltekstar set spor i elevtekstar og korleis elevar posisjonerer seg i ulike sakprega skrivesituasjonar.no_NO
dc.typeDoctoral thesisno_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280::Subject didactics: 283no_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel