dc.contributor.author | Refvik, Kim Andre Stavenæs | |
dc.date.accessioned | 2014-06-25T08:49:31Z | |
dc.date.available | 2014-06-25T08:49:31Z | |
dc.date.issued | 2014-05-16 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/196776 | |
dc.description | Master's thesis in Didactis of mathematics for primary school | nb_NO |
dc.description.abstract | Denne oppgåva er ein studie om korleis lærarar i den malawiske skulen tek vare på elevanes
interesse å utvikle løysingsstrategiar i matematikkfaget gjennom problemløysing.
Problemløysing er ein metode i matematikk der ein arbeider med oppgåver som ein ikkje ser
løysinga på med ein gang og i utganspunktet ikkje har noko algoritme for å løyse oppgåva.
Dessutan er oppgåva ikkje kjent for den personen som skal løyse den. Eg har samla inn
datamateriellet i Malawi der eg observerte to klasser i matematikk over tre dagar, samt at eg
hadde intervju med to lærarar. Dette datamateriellet er analysert ved hjelp av Alan
Schoenfelds kategoriar for kunnskap. Eg såg at problemløysing i gruppe blir nytta den eine
klassa, men det blir brukt slik at elevane ikkje får den optimale læringa ut av dette.
Ein utfordring eg møtte på var forståing for omgrepet problemløysing. Lærarane eg intervjua i
Malawi hadde ein anna oppfatning av omgrepet enn det eg hadde. Dei knyttar problemløysing
omgrepet saman med praktiske kvardagssituasjonar. Dette gjor at eg stifta kjennskap med
omgrepet praktisk problemløysing, eit omgrepet som var å finne i elevanes lærebøker.
Denne studien viser at lærarar i matematikkfaget i den malawiske skulen for det meste brukar
tavleundervisning og læreboka deira styrar korleis ein planlegger og gjennomfører
undervisning. Dette har medført at elevane ikkje får moglegheit til å utvikle sine matematiske
og sosiale ferdigheter gjennom problemløysing. Det som er den viktigaste grunnen til at
tavleundervisning er den mest nytta undervisningsmetoden i Malawi finner ein i
rammevilkåra til læraren som skal planlegge og gjennomføre undervisninga. Ein finn bort i
mot 100 elevar per lærar, små klasserom, stor spreiing i aldersamansetning per klasse og lite
materiell i skulen. Dette er berre nokre av utfordringane som ein treff på i den malawisk
skulen. For at ein skal kunne nytte seg av problemløysing i matematikkfaget i den malawiske
skulen bør lærarane få ein betre forståing for omgrepet problemløysing og rammevilkåra bør
forbetrast. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | University of Stavanger, Norway | nb_NO |
dc.relation.ispartofseries | Masteroppgave/UIS-HF-IGIS/2014; | |
dc.rights | Attribution 3.0 Norway | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/3.0/no/ | * |
dc.subject | Malawi | nb_NO |
dc.subject | matematikkdidaktikk | nb_NO |
dc.subject | problemløysing | nb_NO |
dc.subject | matematikk | nb_NO |
dc.subject | grunnskule | nb_NO |
dc.subject | grunnskole | nb_NO |
dc.subject | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283 | nb_NO |
dc.title | Problemløysing og utvikling av løysningstrategiar i matematikkfaget i den malawiske skulen | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |