Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHusveg, Heidi-Anita
dc.date.accessioned2014-07-01T08:03:19Z
dc.date.available2014-07-01T08:03:19Z
dc.date.issued2014-05-14
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/197048
dc.descriptionMaster's thesis in Special educationnb_NO
dc.description.abstractFormålet med denne masteroppgåva har vore å undersøke korleis det blir jobba med tidleg innsats på 1. og 2. trinn i skulane i Stavanger, Sandnes og Klepp kommune. Kva må til for å lykkast med tidleg innsats retta mot elevar som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar? Ved å finne svaret på dette spørsmålet var ynskje å finne nokre felles faktorar som er viktige å fokuserer på i arbeidet med å få alle elvane tidleg på sporet av leseopplæringa. I denne studien kom det fram fleire suksessfaktorar som vil ha stor verdi for å oppdage og hjelpe dei elevane som strever med å kome på sporet av lesinga vidare i si utvikling. For å lykkast med tidleg innsats vil det blant anna vere viktig at lærarane har kompetanse om begynnaropplæringa og lese- og skrivevanskar slik at den ordinære undervisninga blir best mogleg. For å kunne avdekke individuelle behov treng ein tilgang og kjennskap til eigna kartleggingsmateriell. Lærarane treng gode støttespelarar og godt samarbeid med kollegaer og fagspesialistar for å finne gode tiltak for å hjelpe dei elevane som blir hengjande etter. Det vil òg vere av stor betyding at lærarane får nok tid til å fylgje opp den enkelte elev slik at ein kan lage gode planar for oppfølging av enkeltelevar, samt kunne skape ein god lærar-elev relasjon. I denne oppgåva har eg tatt utgangspunkt i serveydesign, som er ein kvantitativ forskingsmetode. Eg har brukt strukturert spørjeskjema av typen Servey Xact som blei sendt ut til dei tre kommunane som har skular som deltek i Lesesenteret sitt prosjekt På Sporet. Av dei 60 skulane som fekk tilsendt spørjeundersøkinga var det 93 kontaktlærarar på 1. og 2. trinn som deltok. Studien er gjennomført med utgangspunkt i teori knyta til tidleg innsats i begynnaropplæringa og lese- og skrivevanskar. I oppgåva blir det gjort greie for utviklinga av spørjeskjemaet og resultata blir illustrert ved hjelp av frekvensfordeling, enten som søyle-eller kakediagram. Funna blir så drøfta innanfor ramen av studien sitt hovudområde og seks forskingsspørsmål. Resultata indikerer ein ganske positiv tendens, kanskje betre enn forventa med bakgrunn i nyare forsking på området, men det er likevel tydleg at det er områder som har forbetringspotensiale.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IGIS/2014;
dc.rightsAttribution 3.0 Norway*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/3.0/no/*
dc.subjectspesialpedagogikknb_NO
dc.subjecttidleg innsatsnb_NO
dc.subjectbegynnaropplæring i lesingnb_NO
dc.subjectlese- og skrivevanskarnb_NO
dc.subjectVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282nb_NO
dc.subjectførebyggingnb_NO
dc.subjectintervensjonnb_NO
dc.titleTidleg innsats. Kva er det som må til for å lukkast med tidleg innsats retta mot elevar som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel

Attribution 3.0 Norway
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution 3.0 Norway