"No er du ferdig unge mann" - barns motstand som uttrykk for "å halda på ein praktisk estetisk erfaing"
Master thesis
Date
2014-06-16Metadata
Show full item recordCollections
- Studentoppgaver (HF-IBU) [366]
Abstract
Studiet tek for seg barns motstandshandlingar i overgangssituasjonane i barnehagen. Eg rettar blikket mot dei yngste barna i barnehagen, og især deira kroppslege motstandshandlingar.
Studiet sitt mål er å forstå verdiar som vert uttrykka og kommunisert mellom barn og vaksne i overgangssituasjonar i barnehagen. Det tyder at eg har fokusert på barns motstandshandlingar som kjem til uttrykk i overgangar. Overgangssituasjonar er situasjonar der barn og vaksne kjem frå eit rom, kjem inn på eit nytt rom, dette rommet vert i dette studiet kalla stasjon. Sjølve undersøkinga og dei transkriberte observasjonane er frå tre ulike stasjonar. Det som også karakteriserer stasjonane er at barn og vaksne har ein intensjon om at dei skal vidare til eit nytt rom.
Det er eit team frå Universitet i Stavanger som har samla inn data ved hjelp av videoopptak (Gilbrant, 2012). Analysen i studiet byggjer på desse videoopptak, som er frå sju ulike barnehagar, medan dette studiet sin analyse er innsnevra til å omtale tre ulike barnehagar. Utifrå deler av Jürgen Habermas (f.1929) sin teori om kommunikativ handling, især tre rasjonalitetar vert omtala, målretta/stragetisk, normregulert handling og dramaturgisk handling (Habermas, 1999, Sørensen, 2010). Vert barn sine motstandshandlingane i overgangssituasjonar undersøkt og analysert og tolka i eit verdiperspektiv, ved hjelp av ulike verdifelt (Johansson, et al. 2014). Også Habermas sine teoretiske omgrep system og livsverd, og kolonisering av livsverda frå system (Habermas, 1995; Habermas, 1999; Nyggard, 1995), vert nytta i analysen og diskusjonen.
Description
Master's thesis in Early childhood education