Digital tekstrespons. Ein studie av korleis to elevar på åttande trinn følgjer opp digital lærarrespons.
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2400475Utgivelsesdato
2016-05Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Student papers (HF-IKS) [770]
Sammendrag
Samandrag
Masteroppgåva “Digital tekstrespons” har digital respons som tema. Med utgangspunkt i eit sosiokulturelt syn på læring, og ei forståing av skriving som dialogisk handling, undersøkjer eg korleis to elevar på åttande trinn bruker digital respons undervegs i ein “online” skriveprosess. Målet med oppgåva er å få innsyn i elevane sitt tekstrevideringsarbeid og dermed få innblikk i når det er mest nyttig for eleven med lærarrespons undervegs i skriveprosessen, korleis eleven nyttar tilbakemeldingane og kva slags respons (margkommentarar eller oppsummerande e-postrespons) som er mest nyttig for eleven. Problemstillinga mi er: “Korleis reviderer elevane eigne novelletekstar i ein “online” skriveprosess der dei får digital respons undervegs i skrivinga?”
Undersøkinga har ei kvalitativ tilnærming, og vil vera retta mot to elevar eller casar, der eg går meir i djupna for å utforska det omtala temaet. Studien byggjer på tre ulike typar data: elevtekstar, intervjudata og feltobservasjon. Elevtekstane er hovudmaterialet, medan intervjudata og observasjonar frå klasserommet fungerer som meir utfyllande informasjon.
Resultata frå studien tyder på at elevane forstår og nyttar dei digitale tilbakemeldingane, både margkommentarane og den oppsummerande e-postresponsen. Den oppsummerande e-postresponsen er meir generell enn margkommentarane, og elevane treng derfor ofte rettleiing når dei skal revidera teksten ut frå denne responsen. Det munnlege samarbeidet mellom lærar og elev undervegs i skriveprosessen har derfor stor verdi for elevane sitt revideringsarbeid. Elevane gjer både responsrelaterte og sjølvinitierte revideringar i løpet av skriveprosessen.
Å få innsyn i korleis elevane nyttar dei digitale tilbakemeldingane, er viktig skal ein få eit heilskapleg bilete av korleis dette fungerer i praksis. Men også for å sjå kva for nokre tilbakemeldingar elevane jobbar vidare med, og kva for nokre kommentarar dei strevar med og derfor treng rettleiing i frå faglæraren. Om eg kan få eit betre bilete av dette, kan det hjelpa meg vidare i arbeidet som norsklærar på ungdomsskulen.
Beskrivelse
Master's thesis in Literacy studies