Seks barnehagelærarar sine opplevingar av, og refleksjonar kring, samspel med 5-åringar i samband med gjennomføring av eit strukturert, leikbasert førskuleopplegg
Master thesis
View/ Open
Date
2017-06-08Metadata
Show full item recordCollections
- Studentoppgaver (HF-IGIS) [1136]
Abstract
Temaet for denne masteroppgåva er relasjonar og samspel mellom barnehagelærarar og barn. Masteroppgåva er ein understudie i Agderprosjektet. Agderprosjektet er eit forskings- og utviklingsprosjekt som har som mål å utvikle og teste ut eit førskuleopplegg basert på «leikbasert læring» i 50 fokusbarnehagar (fokusgruppe), for deretter å samanlikne barna i desse barnehagane med barn frå 50 barnehagar som har haldt fram som før (samanlikningsgruppe). Denne understudien er meint å supplere dei kvantitative dataa frå Agderprosjektet sin hovudstudie, som skal seie noko om førskuleopplegget sin effekt på barna, med kvalitative data som kan gje informasjon om dei involverte barnehagelærarane sine erfaringar med førskuleopplegget. Forskingsspørsmål Følgjande forskingsspørsmål er stilt i denne studien: 1) Korleis opplever barnehagelærarar i fokusgruppa i Agderprosjektet samspelet med 5-åringar under gjennomføring av det strukturerte, leikbaserte førskuleopplegget? 2) Kva refleksjonar har barnehagelærarar i fokusgruppa i Agderprosjektet kring samspelet med 5-åringar i førskulegruppene? Metode Kvalitative forskingsintervju er valt som verktøy for innsamling av data i denne studien. Den metodiske tilnærminga i studien er fortolkande fenomenologisk analyse. Utvalet består av 6 barnehagelærarar som er tilfeldig trekt frå Agderprosjektet si fokusgruppe. Intervjua vart gjennomført i eit samarbeid mellom 3 masterstudentar, der kvar student gjennomførte 2 intervju. Analysen i studien er på gruppenivå med fokus på det som går att i datamaterialet på tvers av case. Resultat Resultata frå studien knytt til dei 2 forskingsspørsmåla er: 1) Barnehagelærarane som har deltatt i denne studien beskriv samspelet med 5-åringar under gjennomføring av førskuleopplegget som positivt; kjenneteikna av positive følelsar, nærleik og tryggleik. Barnehagelærarane gir elles uttrykk for at det generelle samspelet med barna har vorte nærare etter igangsetting av førskuleopplegget, og at stille og forsiktige barn har vorte tryggare. 2) Barnehagelærarane som har deltatt i denne studien meiner at strukturelle faktorar er årsak til dei positive endringane i samspelet med barna; at dei har hatt meir tid saman med barna, at aktivitetane i førskuleopplegget har vekt positive følelsar, at barnegruppene har vore mindre, og at det har vorte lagt opp til at barnehagelærar og barn aktivt skal inngå i samspel med kvarandre. I tillegg understrekar barnehagelærarane betydinga av ein balanse mellom struktur og fleksibilitet for at samspelet med barna skal verte positivt, noko som blant anna inneber at barnehagelæraren har ei fleksibel haldning til dei planlagde aktivitetane i førskuleopplegget. Konklusjonar Resultata frå studien indikerer at strukturerte, leikbaserte førskuleopplegg kan inngå som del av eit kvalitativt godt barnehagetilbod, og at strukturerte, leikbaserte førskuleopplegg kan betre kvaliteten på tilbodet i fleire barnehagar ved å endre på strukturar.
Description
Master's thesis in Special Education