Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLunde, Svanaug
dc.contributor.authorHavn, Kjetil
dc.coverage.spatialNorway, Stavangernb_NO
dc.date.accessioned2017-08-24T10:49:11Z
dc.date.available2017-08-24T10:49:11Z
dc.date.issued2017-06-08
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2451727
dc.descriptionMaster's thesis in Special Educationnb_NO
dc.description.abstractTemaet for denne masteroppgåva er relasjonar og samspel mellom barnehagelærarar og barn. Masteroppgåva er ein understudie i Agderprosjektet. Agderprosjektet er eit forskings- og utviklingsprosjekt som har som mål å utvikle og teste ut eit førskuleopplegg basert på «leikbasert læring» i 50 fokusbarnehagar (fokusgruppe), for deretter å samanlikne barna i desse barnehagane med barn frå 50 barnehagar som har haldt fram som før (samanlikningsgruppe). Denne understudien er meint å supplere dei kvantitative dataa frå Agderprosjektet sin hovudstudie, som skal seie noko om førskuleopplegget sin effekt på barna, med kvalitative data som kan gje informasjon om dei involverte barnehagelærarane sine erfaringar med førskuleopplegget. Forskingsspørsmål Følgjande forskingsspørsmål er stilt i denne studien: 1) Korleis opplever barnehagelærarar i fokusgruppa i Agderprosjektet samspelet med 5-åringar under gjennomføring av det strukturerte, leikbaserte førskuleopplegget? 2) Kva refleksjonar har barnehagelærarar i fokusgruppa i Agderprosjektet kring samspelet med 5-åringar i førskulegruppene? Metode Kvalitative forskingsintervju er valt som verktøy for innsamling av data i denne studien. Den metodiske tilnærminga i studien er fortolkande fenomenologisk analyse. Utvalet består av 6 barnehagelærarar som er tilfeldig trekt frå Agderprosjektet si fokusgruppe. Intervjua vart gjennomført i eit samarbeid mellom 3 masterstudentar, der kvar student gjennomførte 2 intervju. Analysen i studien er på gruppenivå med fokus på det som går att i datamaterialet på tvers av case. Resultat Resultata frå studien knytt til dei 2 forskingsspørsmåla er: 1) Barnehagelærarane som har deltatt i denne studien beskriv samspelet med 5-åringar under gjennomføring av førskuleopplegget som positivt; kjenneteikna av positive følelsar, nærleik og tryggleik. Barnehagelærarane gir elles uttrykk for at det generelle samspelet med barna har vorte nærare etter igangsetting av førskuleopplegget, og at stille og forsiktige barn har vorte tryggare. 2) Barnehagelærarane som har deltatt i denne studien meiner at strukturelle faktorar er årsak til dei positive endringane i samspelet med barna; at dei har hatt meir tid saman med barna, at aktivitetane i førskuleopplegget har vekt positive følelsar, at barnegruppene har vore mindre, og at det har vorte lagt opp til at barnehagelærar og barn aktivt skal inngå i samspel med kvarandre. I tillegg understrekar barnehagelærarane betydinga av ein balanse mellom struktur og fleksibilitet for at samspelet med barna skal verte positivt, noko som blant anna inneber at barnehagelæraren har ei fleksibel haldning til dei planlagde aktivitetane i førskuleopplegget. Konklusjonar Resultata frå studien indikerer at strukturerte, leikbaserte førskuleopplegg kan inngå som del av eit kvalitativt godt barnehagetilbod, og at strukturerte, leikbaserte førskuleopplegg kan betre kvaliteten på tilbodet i fleire barnehagar ved å endre på strukturar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IGIS/2017;
dc.subjectAgderprosjektetnb_NO
dc.subjectbarnehagenb_NO
dc.subjectutdanningsvitenskapnb_NO
dc.subjectrelasjonernb_NO
dc.subjectsamspillnb_NO
dc.subjectkvalitet i barnehagennb_NO
dc.subjectførskoleoppleggnb_NO
dc.subjectspesialpedagogikknb_NO
dc.titleSeks barnehagelærarar sine opplevingar av, og refleksjonar kring, samspel med 5-åringar i samband med gjennomføring av eit strukturert, leikbasert førskuleoppleggnb_NO
dc.title.alternativeSeks barnehagelærarar sine opplevingar av, og refleksjonar kring, samspel med 5-åringar i samband med gjennomføring av eit strukturert, leikbasert førskuleoppleggnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Spesialpedagogikk: 282nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Studentoppgaver (HF-IGIS) [994]
    Master- og bacheloroppgaver i Spesialpedagogikk / Migrasjoner og interkulturelle relasjoner / Matematikkdidaktikk

Vis enkel innførsel