"Om du kan hjelpa meg å finna ei sjokke bog?" - Ein studie av gutar og jenter sin motivasjon for lesing det fyrste på skulen
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2453464Utgivelsesdato
2017-06Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Formålet med denne masteroppgåva har vore å undersøkje motivasjon for lesing for gutar og jenter det fyrste skuleåret. I tillegg har det vore eit ynskje å finne fram til kjenneteikn ved god undervisningspraksis som fremjar motivasjon for lesing.
Oppgåva er skriven med grunnlag i kvantitativ forskningsmetode der data er samla inn ved bruk av sjølvrapportering for dei 1141 elevane i utvalet. Studien er gjort med utgangspunkt i teori om rolla interesse og lesar-sjølvbilete spelar i samband med motivasjon for lesing og kva forskning seier er effektiv undervisningspraksis for å fremje og oppretthalde elevane si interesse for lesing og lesar-sjølvbilete. I oppgåva vil det verte gjort greie for utvikling av måleinstrument og korleis data er analysert ved bruk av deskriptiv statistikk.
Resultat frå studien er basert på effektstorleikar mellom grupper der Cohens d er brukt. Funn frå studien viser at ved skulestart er jenter meir interessert i lesing enn gutar, og når det gjeld lesar-sjølvbilete ved samme målepunkt viser resultata også at jentene har meir tru på eigne leseferdigheiter. Frå andre målepunkt vart det funne at jenter framleis er meir interessert i lesing samanlikna med gutane, men skilnaden er vorte redusert. Når det gjeld kjønnsskilnaden i lesar-sjølvbilete er den forsvunne ved slutten av 1. trinn. Funna vert presentert i ramma av problemstillingane. Med bakgrunn i internasjonal forskning kan ein rekne resultata som forventa. Resultata er i hovudsak positive, men indikerer likevel at det er grunn for å ha fokus på motivasjonell utvikling det fyrste året i begynnaropplæringa.
Beskrivelse
Master's thesis in Special education