Leiinga si rolle i handtering av aggresjon i elevgruppa
Master thesis

View/ Open
Date
2017-12Metadata
Show full item recordCollections
- Studentoppgaver (HF-IGIS) [1163]
Abstract
Samandrag
Føremålet med studien har vore å sjå på korleis skular handterer aggresjon i elevgruppa, både proaktiv og reaktiv aggresjon. Det har vore eit særleg fokus på leiarane si rolle i dette arbeidet. Problemstillinga har vore:
«Korleis kan skular handtera proaktiv og reaktiv aggresjon? Leiinga si rolle i dette arbeidet».
Studien har vore basert på kvalitativ metode, og eit relativt strukturert fokusgruppeintervju blei valt som forskingsmetode. Utvalet bestod av tre leiargrupper, med til saman 12 deltakarar. Fokusområda i intervjuguiden tok utgangspunkt i kjente internasjonale omgrep og tema innan fagfeltet, som omgrepet aggresjon, handtering av aggresjon i eit leiarperspektiv, det autoritative perspektivet og systemarbeid. I tillegg til desse fokusområda var endringsleiing eit sentralt område.
Resultata viste at kunnskap om omgrepa i intervjuguiden var prega av usikkerheit og sprikande forståing, både blant leiarar og i personalet. Med usikker kunnskap om proaktiv og reaktiv aggresjon, og det autoritative perspektivet, vil ein truleg ikkje vera ei god nok støtte for verken elevar, personale eller foreldre i arbeidet med å handtera elevar som viser utfordrande åtferd. Det trengst kompetanseheving kring temaet aggresjon, men også om det autoritative perspektivet, både på individ- og organisasjonsnivå. Funna viste vidare at leiargruppene har mykje å henta på ei kollektiv orientering i arbeidet, og på korleis dei som leiarar kan leggja til rette for kollektive læringsprosessar i personalet. Med bakgrunn i dette, vil det å utvikla eit autoritativt organisasjonsklima, kunna vera eit spanande felt og forska vidare på.
Nøkkelord: Reaktiv aggresjon, proaktiv aggresjon, leiing med vekt på endringsleiing, det autoritative perspektiv, autoritativt organisasjonsklima, kompetansebygging, systemarbeid, det kollektive fokuset
Description
Master's thesis in special education