Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKetil, Knutsen
dc.contributor.authorMærland, Stine
dc.date.accessioned2018-07-04T07:34:35Z
dc.date.available2018-07-04T07:34:35Z
dc.date.issued2018-05
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2504245
dc.descriptionMaster's thesis in History didacticsnb_NO
dc.description.abstractDå Kunnskapsløftet kom i 2006, blei det utforma ein ny læreplan for historiefaget. Denne læreplanen løftar fram arbeid med kjelder i mykje større grad enn tidlegare læreplanar som R94. Likevel viser det seg at arbeid med kjelder blir lite prioritert i undervisninga, og læreplanen seier heller ikkje eksplisitt korleis ein skal arbeide med kjelder. Denne oppgåva har derfor som mål å undersøkje korleis lærebøkene legg til rette for at elevane skal arbeide med kjelder og praktisere historie på eigenhand. Problemstillinga for oppgåva er: Korleis forsøker lærebøker i historie for den vidaregåande skule å utvikle metodekunnskap hos elevane? Lærebøkene som utgjer empirien i oppgåva blir analysert gjennom fire ulike kriterium for å finne ut kva for nokre ulike måtar lærebøkene forsøker å utvike metodekunnskap hos elevane gjennom. Det blir undersøkt korleis lærebøkene beskriv arbeid med kjelder og kjeldeterminologien i metateksten, kva slags materiale som blir brukt som kjelder, korleis elevane skal arbeide med ulike kjelder og til slutt korleis lærebokforfattarane legg opp til at elevane skal oppnå meta-historisk innsikt. Lærebøkene som blir analysert er Portal, Alle tiders historie, Perspektiver og I ettertid. Metoden for analysen er ein kvalitativ gruppeanalyse som ser på likskapar og ulikskapar i lærebøkene, og har særleg fokus på kva forbetringspotensiale lærebøkene har. Omgrepet metodekunnskap, slik Erik Lund definerer det gjennom kjeldegransking og det å praktisere historie, blir brukt som ramme for oppgåva, men omgrepet blir vidareført og utdjupa gjennom leseprosessane til Sam Wineburg og konseptet bevis i Peter Seixas sin modell for historisk tenking.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversity of Stavanger, Norwaynb_NO
dc.relation.ispartofseriesMasteroppgave/UIS-HF-IKS/2018;
dc.subjecthistoriedidaktikknb_NO
dc.subjectlærebokanalysenb_NO
dc.subjectmetodekunnskapnb_NO
dc.titleMetodekunnskap i lærebøkernb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Historie: 070nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283nb_NO
dc.source.pagenumber121nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel