dc.contributor.advisor | Tofteland, Berit | |
dc.contributor.author | Nylund, Maritha Berger | |
dc.date.accessioned | 2018-08-15T12:42:00Z | |
dc.date.available | 2018-08-15T12:42:00Z | |
dc.date.issued | 2018-05 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2558162 | |
dc.description | Master's thesis in Early childhood education | nb_NO |
dc.description.abstract | Barn er ofte meir i barnehagen enn dei er heime med foreldra, det seier litt om ansvaret vårt. Særleg er det eit stort ansvar me har i dagens samfunn der krava til barnehagelærarar og barnehage tilsette vert stadig større og der ein ser i samfunnsdebatten at kvalitet i barnehagen ikkje er sjølvsagt. Me har eit viktig ansvar å få synleggjort korleis ein kan skape barnehagekvalitet.
Gjennom studien har eg undersøkt kva vaksne kan gjer for å skape gode augeblikk for barn. Intensjonen har vert å undersøke kvifor desse augeblikka er viktige for å skape barnehagekvalitet. På bakgrunn av materialet mitt som er utvalde tekstar som er henta ut frå barnehagekvardagar så har ønskje mitt vert å forstå om kor sentralt vaksenrolla er for barnehagekvaliteten. Det har handla om vaksne som har klart å sjå verdien i deira eiga rolle og korleis ein kan forvalte rolla si på best mogleg vis. Vaksne som har ein estetisk veremåte i møte med barn (Gryte, 2012). Eg har også hatt eit ønskje om å belyse den barnehagekvaliteten som ikkje er så lett å definere og som ikkje kan målast i same grad som strukturkvalitet.
I tillegg til at eg har hatt fokus på vaksenrolla så gjennom studien fått innblikk i kva rolle naturen kan spele i det pedagogiske arbeidet med barn. Det har handla om møter mellom natur og barns livsverd og korleis barn er i naturen med heile seg. Merleau-Ponty (2002) og hans fenomenologiske tankar har vore til inspirasjon, eg opplever at hans menneskesyn og barnesyn heng tett saman med mitt syn på barn, at barnet er i verda med heile seg. Gjennom analysen så har eg også fått nokre tankar om korleis barn er i verda med kropp. Dei har ein struttande tilnærming til det dei møter dersom dei har vaksne rundt seg som støttar, rettleiar og utfordrar dei (Løkken, 1996). Max Van Manen er også ein av dei som har hatt betyding i denne prosessen. Eg opplever at han har hatt mange klare tankar som handlar om pedagogisk takt og pedagogisk omtanke (Van Manen, 1993). Han viser til at pedagogar bør ha ei kjensle av at arbeidet dei er i er deira livsoppgåve (Van Manen, 1993). Det er store krav han stiller med tanke på arbeidet vårt, samstundes som ein kan tenke kor sentrale me pedagogar vert i barnas liv. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | University of Stavanger, Norway | nb_NO |
dc.relation.ispartofseries | Masteroppgave/UIS-HF-IBU/2018; | |
dc.subject | barnehagelærerutdanning | nb_NO |
dc.subject | gode augeblikk | nb_NO |
dc.subject | barnehagekvalitet | nb_NO |
dc.subject | utdanningsvitenskap | nb_NO |
dc.subject | livsverd | nb_NO |
dc.subject | natur | nb_NO |
dc.subject | takt og omtanke | nb_NO |
dc.subject | estetisk veremåte | nb_NO |
dc.subject | barnehage | nb_NO |
dc.title | Glød for kvalitet. Kva gjer me vaksne for å skape gode augeblikk? Ein kritisk tilnærming til barnehagekvalitet. | nb_NO |
dc.title.alternative | Passion for quality. What can adults do for creating good moment for children? A critical approach to quality in kindergarden. | nb_NO |
dc.type | Master thesis | nb_NO |
dc.subject.nsi | VDP::Social science: 200::Education: 280 | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 77 | nb_NO |