dc.contributor.advisor | Tysdal, Olav | |
dc.contributor.author | Pollestad, Jon Arne | |
dc.date.accessioned | 2020-08-05T09:07:26Z | |
dc.date.available | 2020-08-05T09:07:26Z | |
dc.date.issued | 2020-05 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/2670883 | |
dc.description | Master's thesis in History didactics | en_US |
dc.description.abstract | Denne masteroppgåva tar utgangspunkt i historiske forteljingar og at historiske forteljingar ikkje kan lesast som nøytrale observasjonar av fortida. Det er historikarens jobb å setja ei rekkje hendingar inn i oversiktlege forteljingsrammer. Den kanskje viktigaste funksjonen historiske forteljingar har er å seia noko om verda i dag.
For å undersøka dette skal eg først drøfta kva som ligg i omgrepet grunnforteljing. Ei grunnforteljing er kort sagt ein type abstrakt og dominerande forteljing som skapar narrative rammer for andre historiske forteljingar. Det teoretiske grunnlaget for grunnforteljing er henta frå Krijn Thijs’ drøftingar av «master narratives». Eg vil fokusera mest på tida etter andre verdskrigen og drøfta korleis ei grunnforteljing for denne perioden ser ut. For å belysa dette vil eg drøfta korleis ein finn spor av ei grunnforteljing i ulike historiske framstillingar og undersøka kva slags historier om fortida som vert fortalde i, og om, Noreg.
Med utgangspunkt i teori om forteljingar i historiefaget skal eg deretter analysera to framstillingar som begge har Einar Gerhardsen som hovudperson. Det teoretiske utgangspunktet er i hovudsak henta frå Jörn Rüsen og Peter Aronsson sine typologiar om historiske forteljingar. Gerhardsen er det fremste symbolet på Noreg dei første tiåra etter andre verdskrigen. Det som vert drøfta i oppgåva er kva historier om Gerhardsen som vert fortalte, og korleis desse historiene er med på å seia noko om den samtida me lever i.
Siste delen av oppgåva er ei drøfting over kva rolle ei norsk grunnforteljing speler i dag, korleis grunnforteljinga vert utvida, utfordra og sementert. Kven eig den norske historia? | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | University of Stavanger, Norway | en_US |
dc.relation.ispartofseries | Masteroppgave/UIS-HF-IKS/2020; | |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.subject | historie | en_US |
dc.subject | historiedidaktikk | en_US |
dc.subject | historiebevissthet | en_US |
dc.subject | historiemedvit | en_US |
dc.subject | historiske forteljingar | en_US |
dc.subject | historiske fortellinger | en_US |
dc.subject | grunnfortelling | en_US |
dc.subject | grunnforteljing | en_US |
dc.subject | arbeidarpartiet | en_US |
dc.subject | Einar Gerhardsen | en_US |
dc.title | Gerhardsen og grunnforteljinga: Ein analyse av historiske forteljingar | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.subject.nsi | VDP::Humaniora: 000::Historie: 070 | en_US |
dc.subject.nsi | VDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280::Fagdidaktikk: 283 | en_US |
dc.source.pagenumber | 106 | en_US |