Bruken av PPT sine sakkunnige vurderingar i skulen
Abstract
Studien handlar om PPT sine sakkunnige vurderingar og kva erfaring skuletilsette har med dei. Sakkunnige vurderingar er eit dokument som den sakkunnige instansen brukar mykje tid og ressursar på, og noko som er eit dokument med stor tyngde hjå mottakarane, eleven, foreldre og skulen. Er dei sakkunnige vurderingane viktige for spesialundervisinga i skulen, eller er det andre arenaer som er viktigare for å innhente kunnskap om korleis ein skal arbeide med elevens spesialundervising? Bakgrunnen for studien er mine eigne erfaringar med at sakkunnige vurderingar er viktige dokument, som det er brukt mykje tid på å utarbeida. Intensjonen med studien er å høyra med kva erfaring andre tilsette i skulen har med dokumenta, om korleis det vert verdsett ute i skulen, og kva dei tilsette tenkjer om nytta av dei. Vidare er spørsmålet kva endringar som deltakarane i studien eventuelt ser for seg hadde vore nyttige endringar. Åtte intervju med lærarar og rektorarar gav med innblikk i kva erfaring og tankar dei hadde om temaet, og la grunnlag for diskusjonen i lys av teori på området.
Description
Master's thesis in Special education