Koronadiskursen. Korleis gjekk han så bra? Ein kommunikasjonsanalyse av tre pressekonferansar frå då landet stengde ned
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2779093Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Student papers (HF-IKS) [770]
Sammendrag
Avhandlinga er ei utforsking av dei kommunikative strategiane til Regjeringa, HD og FHI under den innleiande fasen av pandemien våren 2020. Eg har nytta retorisk strukturteori som metode i ein klarspråktematisk analyse av tre transkriberte pressekonferansar: Landet stenger ned frå 12.03.2020, Skjerpande tiltak frå 19.03.2020 og Oppmjuking frå 07.04.2020.
I ein førebuande del blir det gjort ein analyse av den retoriske situasjonen tekstane opererer innanfor, dette for å etablere ei forståing av kva omgjevnader og intensjonar som er gjeldande for materialet. I dei følgjande RST-analysane blir tekstane studerte med å sjå på tilhøva mellom tekstsegment, og i vurderingar av kva funksjonar som ligg nedfelt i desse relasjonane. RST-metoden har vist seg som særskild nyttig i å gjere elles omfattande materiale oversiktleg og heilskapleg gjennom visuelle strukturmodellar, og opna for å studere uttrykk for kommunikative strategiar på ei hand, og klarspråkspraksis på anna.
Utanfortekstlege retoriske dimensjonar blir løfta ut av RST-metoden, og drøfta i eit kapittel for seg.