Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorWagner Åse Kari Hansen
dc.contributor.authorKallevåg Lilliann Sortland
dc.date.accessioned2022-01-27T16:51:32Z
dc.date.available2022-01-27T16:51:32Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.uis:inspera:80582900:85009485
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2899184
dc.description.abstractSamandrag Leik har ein eigenverdi for barn og den kan nyttast som metode i den systematiske opplæringa. Likevel viser det seg at den leikande læringa vert nytta lite for å gjera overgangen mellom barnehage og skule så mjuk som mogleg for elevane. Læringstrykket i skulen er stort og mange lærarar er usikre på korleis dei skal nytta leiken i undervisninga. Skriving er ein av dei fem grunnleggjande dugleikane og skal gå føre seg i alle fag. I denne masteroppgåva ønskjer eg å sjå på korleis leik som metode kan engasjera elevane til å skriva. Problemstillinga for studien er: Korleis kan leikande læring som metode bidra til skriving i begynnaropplæringa? med forskingsspørsmåla: Korleis kan leik leggja til rette for elevane sitt engasjement for skriving? Kva for ulike skriveaktivitetar ser ein i rammeleiken? Korleis vurderer lærarane rammeleik som metode i skriveopplæringa? Masteroppgåva er ein kvalitativ studie som baserer seg på observasjon av tre undervisningsøkter, intervju av to pedagogar på 1. trinn, spørjeundersøking blant elevar og elevarbeid. Observasjonane såg mellom anna på elevengasjement i den leikande læringa og skriving. Spørjeundersøkinga hadde som mål å få svar på elevane sin sjølvopplevde skrivedugleik og deira engasjement i den leikande læringa. Alt elevarbeid som inneheldt skriving vart samla inn. I intervjua svara pedagogane på spørsmål knytt til leikande læring og engasjement. Resultata er delt inn etter metodane. Funna er drøfta etter forskingsspørsmåla. I rammeleiken som vart studert observerer eg eit stort elevengasjement og elevane produserer store mengder skriving i undervisningsøktene. Forskingsmaterialet viser at funna i stor grad samsvarer med tidlegare forsking om korleis leiken vert forstått og nytta i begynnaropplæringa. Lærarane svarar at dei nyttar seg mest av den frie leiken og i liten grad av leik som metode i fag. Dei peikar på høgt læringstrykk i skulen og at dei ikkje har nok kunnskap om leikande læring som hovudårsakene til dette. Dei nyttar derimot leiken som metode for å læra og utvikla elevane sin sosiale kompetanse.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.title"Eg gledar meg sånn til denne dagen" - Ein kvalitativ studie om korleis leik kan engasjera elevane i 1. klasse til skriving.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel