Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMItchell, Monica Gundersen
dc.contributor.authorFykse, Mari
dc.date.accessioned2022-01-27T16:51:44Z
dc.date.available2022-01-27T16:51:44Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.uis:inspera:80582900:84773268
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2899203
dc.description.abstractBakgrunnen for dette masterprosjektet er eit ynskje om at elevar i byrjaropplæringa skal få høve til å vere munnleg aktive på sine premissar i høgtlesingshendingar. For å få ei rik leseoppleving, treng elevane å bruke fantasien og kreativiteten sin. Overordna mål for studien er å opne dører for leikande og kroppsleg aktivitet i fag, slik at arbeid med skjønnlitterære tekstar kan medverke til leseglede. Prosjektet har ein sosiokulturell ståstad (Dysthe, 1995, 2001), som inneber at læring skjer i samspel med andre. Samstundes anerkjenner eg eit heilskapleg syn på læring og utvikling (Merleau-Ponty, 2012; Vingdal, 2018), og søker å sjå og verdsette heile barnet. Problemstillinga i prosjektet er: Kva karakteriserer den estetiske leseopplevinga når elevar på tredje årssteg les ei biletbok i sjølvstyrte grupper? Prosjektet er ein kvalitativ fleircasestudie gjort på eigen arbeidsplass. Utvalet, 14 elevar på 3. årssteg, las og samtalte om biletboka Øya av Eli Hovdenak (2014) i gjennomføringa av fem høgtlesingshendingar. Analysar og diskusjonar er gjort på bakgrunn av observasjonsnotat skrive undervegs i aktiviteten, lydopptak som er transkriberte, samt samanskrivingar av desse. Det teoretiske fundamentet i studien omhandlar estetiske lesemåtar (Rosenblatt, 1994, 1995). Teori om lesing som performativ hending (Aurelius, 2013; Fischer-Lichte, 2008; Nagel, 2014), lesing som leik og biletbøker sitt performative potensiale vert løfta fram og lysset analysane. Aurelius (2013) sine tre nivå konteksten, teksten og høgtlesingshendinga, inkludert Sipe (2002) sine kategoriar for expressive engagements; dramatizing, talking back, critiquing/controlling, inserting og taking over utgjer studien sin analysereiskap. Analysane og diskusjonane er systematisert og bearbeidd gjennom abduktiv metode (Alvesson & Sköldberg, 2008; Thagaard, 2018). På bakgrunn av analysane og diskusjonane i etterkant ser det ut til at barnelesarane realiserte biletbøker gjennom leikande og kroppslege tilnærmingar, når konteksten ligg til rette for det og teksten samtidig har eit performativt potensiale som inviterer til aktivitet. Barnelesarane pendla mellom fiksjon og fakta i høgtlesingshendingane, og var aktive deltakarar/aktørar. Elevane sine estetiske leseopplevingar er resultat av spontan aktivitet og leseglede. På bakgrunn av det funna og diskusjonane i studien viser, er det grunn til å tru at elevstyrte høgtlesingshendingar der estetiske leseopplevingar er i sentrum, kan tilføre meir tradisjonelle lærarstyrte litterære samtalar noko. Då kan det vere plass til elevane sine spontane leseopplevingar i skulen utan at det litteraturfaglege aspektet forsvinn.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleHei Elefant! Vil du låne capsen min? -eit performativt blikk på tredjeklassingar som les ei biletbok i sjølvstyrte grupper
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel