Ein case av Lesson Study i matematikk på 1.trinn: lærarane sine refleksjonar om elevane si læring av tiervenner
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/299360Utgivelsesdato
2015-06-15Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Oppgåva har blitt basert på ein Lesson Study syklus gjennomført av tre lærarar på 1.trinn i matematikk med emnet tiervenner. Fokuset har vore på lærarane sine faglege refleksjonar rundt observasjon og prediksjon i planleggingsfasen og refleksjonsfasen gjennom ein Lesson Study syklus. Fokuset i oppgåva var tredelt:
- Korleis blir ei gruppe lærarar sine observasjonar og prediksjonar kobla til det matematiske innhaldet om tiervenner under planlegging og refleksjon i ein Lesson Study syklus på 1. trinn?
- Kva seier lærarane at dei har lært av å gjennomføre ein Lesson Study syklus i matematikk på 1.trinn om tiervenner?
- Korleis blir læringsfellesskapet identifisert ut frå lærarane sine refleksjonar over Lesson Study syklusen?
Oppgåva tok utgangspunkt i teori om Lesson Study og kvifor denne metoden kan brukast i skulen. Teori om læringsfellesskap og indikatorar på dette blei også tatt opp. Analysane blei dratt mot undervisningskunnskap i matematikk og ulike undervisningsperspektiv som skal fremme elevlæring, då dette også er hensikten med Lesson Study. Kvalitative metodar har blitt brukt for å samle data; videoopptak av lærarane sine samtaleøkter under Lesson Study syklusen, klasseromsobservasjon og fokusgruppeintervju med lærargruppa.
Av funn som har blitt gjort i dette prosjektet kan det nevnast at lærarane fekk ny kunnskap om elevane si læring av forståing av tiervenner. Det blei også identifisert indikatorar på eit godt læringsfelleskap. Refleksjonane til lærarane som innehaldt prediksjonar var meir faglege enn refleksjonane rundt observasjonar, noko oppgåva gjer moglege forklaringar til. Oppgåva gjev til slutt implikasjonar for vidare forsking på området.
Beskrivelse
Master's thesis in Didactics of mathematics for primary school