Lærarars opplevingar av elevars stress knytt til munnleg prestasjon
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3015475Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva tar føre seg stress knytt til munnleg prestering blant elevar i mellom-og ungdomstrinna, og har som føremål å finne ut korleis lærarar kan hjelpe desse elevane. Dette vert diskutert i lys av den transaksjonelle teori om stress og meistring, som blir brukt som ei forståingsramme, og deler vidare inn munnlege stressaspekt i personfaktorar og miljøfaktorar.
Eg valde ein kvalitativ metode med semistrukturerte individuelle intervju av fire lærarar som jobbar på mellomtrinn og ungdomsskule. For å analysere intervjuresultata, vert det brukt fortolkande fenomenologisk analyse, ein metode som tar utgangspunkt i menneske sine opplevingar.
Oppgåvas funn viser at lærarane ser minst to elevar i kvar klasse som slit med stress knytt til munnleg prestasjon, og mykje tyder på at det er eit problem som aukar frå barneskule til ungdomsskule. Dette kan ha samanheng med auke i vurderingar og overgang til karaktervurdering på ungdomsskulen. Lærarane oppdagar stress ved at dei ser åtferdsendringar som er utanom det vanlege hjå elevane, som til dømes gråting eller overdriven latter. Stressreaksjonar kan vere vidt forskjellige frå individ til individ. Funna viser at tiltaka lærarane nyttar for å hjelpe desse elevane i stor grad er sosialt strukturerte, og omhandlar faktorar som relasjonsbygging, støtte og tillit. I tillegg gjer lærarane avtalar og tilpassingar med elevane som gjer at krava om munnleg prestasjon vert lettare å forholda seg til. Dette samsvarar også med tiltak som går igjen i pedagogisk forsking, som viser at relasjonsbygging og tilpassing er viktig for elevar som slit med stress, fordi det verker tryggande og stressdempande.