Korleis trygge eit uroleg sinn? Ein kvalitativ studie om lærarar sine erfaringar om å redusere skulerelatert stress, og fremje meistring blant elevar på ungdomstrinnet.
Abstract
Studien sitt formål var å utforske læraren si oppleving av stress og meistring hjå elevar på ungdomstrinnet. Problemstillinga for studien blei derfor: "Korleis legg lærarar til rette for å redusere stress og fremje meistring i elevane sine læringsaktivitetar på ungdomstrinnet?"
Som støtte for problemstillinga blei følgande forskingsspørsmål:
1. Kva opplev lærarane at stressar elevane i det skulerelaterte arbeidet?2. Korleis erfarer lærarane at elevane meistrar stresset? 3. Korleis legg lærarane til rette for at elevane skal meistre stresset i skulen?
I studien blei intervju nytta som kvalitativ metode for datainnsamling. Utvalet bestod av tre ungdomsskulelærarar, og intervjua blei gjennomført digitalt grunna den pågåande koronasituasjonen. Analytisk tilnærming for datamaterialet har vore fortolkande fenomenologisk analyse.
Funna i studien indikerte at lærarane opplever at mest stress oppstår i ulike vurderingssituasjonar, fordi dei unge har høge forventingar til eigne prestasjonar. Som eit avvik mellom elevane sine forventingar og vurderingar, erfarte lærarane at elevane gjerne er usikre på eiga meistringstru. Funna tyda her på at elevar kan ha tendensar til eit meir låst tankesett. Lærarane sine opplevingar var også at elevar kan unngå vurderingssituasjonar som følgje av stress, eller å søke rettleiing i andre læringsaktivitetar. I det stressreduserande arbeidet tyda det på at lærarane vektlegg relasjonar og sosial støtte som viktig for meistring, og for å fremje eit meir lærande tankesett hjå elevane. Her impliserte resultata at lærarane både bruker emosjonell og instrumentell støtte, og at meistringsopplevingar basert på struktur, føreseielegheit, elevmedverknad, tilpassa opplæring og interessebaserte aktivitetar, var viktig for elevar si meistring av stress.