Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMeland, Aud Torill
dc.contributor.advisorKaltvedt, Elsa
dc.contributor.authorOltedal, Bjørg
dc.date.accessioned2022-09-16T15:51:20Z
dc.date.available2022-09-16T15:51:20Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:106671071:70643508
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3018541
dc.description.abstractRammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver (2017) legg fram overskrifter i verdigrunnlaget som barnehagen skal arbeide med. Formålet med denne studien har vore å finne ut korleis barnehagelærarane operasjonaliserer verdigrunnlaget i rammeplanen. Problemstillinga er: Korleis vert verdigrunnlaget i rammeplanen for barnehagen (2017) forstått og operasjonalisert av barnehagelærarar i to forskjellige barnehagar? Oppgåva er avgrensa til seks av dei områda som er nemnt under barnehagen sitt verdigrunnlag i rammeplanen; barn og barndom, demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling og likeverd, berekraftig utvikling og livsmeistring og helse. Det er brukt kvalitativ forskingsmetode med ei hermeneutisk tilnærming. Datagrunnlaget vart innhenta gjennom semistrukturert forskingsintervju av seks ulike barnehagelærarar i to forskjellige barnehagar, ein ordinær kommunal barnehage og ein privat idrettsbarnehage. I intervjua vart barnehagelærarane fyrst spurte om kva eit verdigrunnlag er, før dei fekk dei seks områda i rammeplanen lagt fram for seg, og barnehagelærarane fekk spørsmål rundt dei. Vidare vart det gjort ein temaanalyse av datamaterialet etter intervjua. Funna i studien er at barnehagelærarane har ulik forståing av omgrepet verdigrunnlag, og at verdigrunnlaget er personleg for barnehagelærarane. Barnehagelærarane er ikkje kjende med verdigrunnlaget for barnehagen som er forskriftsfesta i rammeplanen, og tenker sjølv at omsorg og tryggleik er sentrale verdiar for barnehagen. Studien viser også at barnehagelærarane arbeider forskjellig med dei ulike verdiområda i rammeplanen, her er både barnehagen og personlege erfaringar med og bidrar til forskjellar. Barn og barndom er det viktigaste område for fleire av barnehagelærarane og berekraftig utvikling er det som flest synst er vanskeleg å arbeide med. I arbeidet med livsmeistring og helse var det forskjell på barnehagane i forhald til kor fokuset var. Idrettsbarnehagen hadde styrst fokus på fysisk helse, medan den kommunale barnehagen hadde styrst fokus på psykisk helse. Demokrati, mangfald og gjensidig respekt og likestilling og likeverd slo barnehagelærarane saman og snakka om dei som det var det same. Det siste funnet var at dei var usikre på om dei i det heile tatt arbeidde med verdigrunnlaget saman med personalet, og barnehagelærarane nemner fråvær som ei utfordring i arbeidet med verdigrunnlaget. I drøftingsdelen vert funna diskutert saman med rammeplanen, både i eit læreplanperspektiv og i samanheng med forsking på verdiar. Funna står i kontrast til politikarane sine intensjonar, som dei har formidla gjennom rammeplanen og politiske dokument. Vidare vert det diskutert at omsorg og tryggleik står sentralt som verdiar i barnehagen både i forsking og hjå barnehagelærarane, og at dei demokratiske verdiane kjem meir i bakgrunnen. Det vert foreslått at arbeidet med rammeplanen sitt verdigrunnlag må verte meir systematisk og baserast meir på fellesskapet, slik at ikkje operasjonaliseringa av rammeplanen sitt verdigrunnlag vert opp til kvar einskild barnehagelærar.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleBarnehagelæraren sitt arbeid med verdigrunnlaget i barnehagen
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel