Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBakken, Arild Michel
dc.contributor.authorFarestveit, Åslaug
dc.date.accessioned2022-09-16T15:51:57Z
dc.date.available2022-09-16T15:51:57Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:111825249:59947536
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3018566
dc.description.abstractI denne masteroppgåva har eg forska på korleis elevar i ungdomsskulen oppfattar, opplever og nyttiggjer seg tilbakemeldingar når elevane vert invitert inn i ein dialog under prosess-skriving. Denne avhandlinga har difor eit elevorientert fokus, med problemstillinga: Korleis fungerer dialogbasert tekstrespons i prosess-skrivinga på steg 9? Her tok eg utgangspunkt i følgjande forskingsspørsmål: -Korleis nyttiggjer elevane lærarkommentarane dei får på ein skriftleg tekst i norsk når desse er formulert for å invitera elevane til ein dialog i revisjonsarbeidet? -Kva tankar uttrykkjer elevane om dialogen som skjer undervegs i tekstskapinga? For å forska på elevane si oppfatting og nyttiggjering av den dialogbaserte tekstresponsen har eg nytta sosiokulturell teori om skriving og dialogteori, og knytta dette til didaktikken. Eg har gjennomført ei kvalitativ undersøking med dokumentanalyse, strukturert og ustrukturert intervju. Datainnsamlinga føregjekk hausten 2021, og datamaterialet inneheld intervju med fem elevar på steg ni, deira tekstutkast med lærarkommentarar og korrespondansen i Google Chat. Denne undersøkinga viste at elevane var motiverte for å skriva og forbetra tekst ved å nytta dialogbasert respons. Elevane nytta dialogen ulikt, der alle svarte ved å revidera utkast, og fleirtalet kommuniserte skriftleg i ulik grad. Nokre elevar opplevde dialogen som reell, medan andre såg på kommentarane som direktiv. Ein elev etterspurde fleire opne spørsmål under revisjonen, medan ein anna elev uttrykte at han stundom vert forvirra av skriftlege kommentarar og spørsmål. I slutten av oppgåva drøftar eg kvifor eit felles vurderingsspråk, øving i dialog, tilpassing, gjensidig involvering og varierte innfallsvinklar er viktig for ein effektiv og dialogbasert tilbakemeldingspraksis.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleDialogbasert tekstrespons på steg 9
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel