Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLønnum, Marthe
dc.contributor.authorThomassen, Sissel Bjørkevoll
dc.date.accessioned2022-09-29T15:52:07Z
dc.date.available2022-09-29T15:52:07Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:111825249:59747511
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3022640
dc.description.abstractDenne kvalitative kasusstudien har undersøkt desse forskingsspørsmåla: 1. Korleis brukar to elevar på 8. trinn kunnskap om språk og tekst når dei vurderer sine eigne argumenterande tekstar ved hjelp av videorespons? 2. Korleis opplever elevane å bruke videorespons som verktøy for eigenvurdering? Det teoretiske rammeverket er basert på teori om argumenterande skriving og vurdering, med særleg vekt på eigenvurdering og ipsativ vurdering. Eit viktig perspektiv for undersøkinga er samanhengen mellom vurdering og utvikling av motivasjon og meistringstru. Med utgangspunkt i det teoretiske rammeverket vart det utarbeidd eit undervisningsopplegg, der elevane skreiv tre argumenterande tekstar og laga videoresponsar til to av dei. Undervisningsdesignet var påverka av ipsativ vurdering, ved at lærarresponsen synleggjorde eleven si utvikling frå første til andre tekst, og ved at elevane forklarte kva dei hadde blitt betre til gjennom perioden. Empirien bestod av til saman fire videoresponsar frå to fokuselevar, og intervju med dei same elevane. Analysen av videoresponsane viste skilnad mellom dei to elevane sin bruk av metaspråk og metaspråklege forståing, og at språket til begge elevane endra seg frå den første til den andre eigenvurderinga. Elevane rapportere om ulike opplevingar med å bruke videorespons. Eleven med svakast meistringstru og låg bruk av metaspråk, likte det dårlegare enn eleven med høg meistringstru og metakognitiv forståing. Funna peikar i retning av at videorespons er eit eigna verktøy for eigenvurdering, både ved å gi tilgang til eleven si metakognitive forståing, og ved at aktiviteten bygger nødvendige stillas for eleven si forståing for kvalitetstrekk ved eigne prestasjonar.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleKorleis snakkar elevar på 8. trinn om dei argumenterande tekstane sine? Bruk av eigenvurdering i ein norskfagleg kontekst
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel