Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorAasen, Marit
dc.contributor.authorWikstrøm, Mette
dc.date.accessioned2022-09-29T15:52:08Z
dc.date.available2022-09-29T15:52:08Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:111825249:58947925
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3022641
dc.description.abstractMetaspråkleg kompetanse står sentralt i læreplanen og blir òg sett på som viktig for djupnelæring. Med bakgrunn i eit ønske om å rette fokus mot grammatikk og metalingvistisk forståing i samband med tekstarbeid, vil den overordna problemstillinga i denne studien vere: Korleis kjem elevane si metalingvistiske forståing til syne i samtalar om og skriving av tekstar i norsk? Studien er ei undersøking av elevar på 10. trinn si metalingvistiske forståing. Problemstillinga er konkretisert i to forskingsspørsmål: Korleis snakkar elevane om språk og grammatikk i samtale om tekstar? Korleis viser metalingvistisk forståing igjen i elevane sine tekstar? Teori om språk og forståing vil utgjere teorigrunnlaget. Skilnader mellom normativ grammatikk og funksjonell grammatikk har vore aktuelle område å gå inn i, i tillegg til korleis metalingvistisk forståing er viktig for djupnelæring. Dei siste åra har det vore forska mykje på grammatikkundervisning i England, og her er forsking på grammatikkundervisning inkludert i skriveundervisninga, læraren si rolle og metalingvistisk forståing sentrale tema. Undervisningsopplegget vart designa med tanke på å inkludere grammatikk og utvikle metalingvistisk forståing. Datamaterialet i studien er lydopptak av samtalar der elevar snakkar om og samanliknar to ulike novelleutdrag, lydopptak av samskrivingssamtalar, samskrivingstekst og elevar sine refleksjonar i etterkant av samskrivingstekst. Resultata viser at elevane er i stand til å kjenne igjen og forklare fleire grammatiske element i tekstutdraga. I tillegg viser funna frå samtalane at elevane prøver å forklare dei språklege vala til forfattarane, og korleis desse skapar effekt i tekstane. Elevane bruker i liten grad eit metaspråk når dei snakkar, slik at samtalane ber preg av eit kvardagsspråk. Samskrivingssamtalane med etterfølgande tekst, viser at elevane i varierande grad tek med seg den metalingvistiske forståinga inn i eiga skriving. To av samtalane ber preg av at det dei skriv er litt meir tilfeldig i byrjinga, før dei etter kvart tek fleire medvitne lingvistiske val. Det kan sjå ut som novelleutdraga har fungert som modelltekst for eit av para. Det eine samskrivingsparet viser høg grad av metalingvistisk forståing, og tek dette med inn i eiga tekstproduksjon, der dei heile vegen tek medvitne val om korleis teksten skal skrivast.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.title«Når du les, føler du nesten at setningane berre angrip deg med kjensler.» Ein studie av korleis elevar på 10. trinn viser metalingvistisk forståing i samtalar om og skriving av tekstar.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel