Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorÅse Kari Hansen Wagner
dc.contributor.authorHilde Børven
dc.date.accessioned2022-10-21T15:51:29Z
dc.date.available2022-10-21T15:51:29Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:111825249:59965149
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3027644
dc.description.abstractSamandrag Denne erfaringsbaserte masteroppgåva har undersøkt korleis lærarar i begynnaropplæringa kan utnytta potensialet i metoden veileda lesing ved hjelp av eit nytt støttemateriell, Veileda lesing (Håland & Wagner, 2021). Eg har observert seks leseøkter utført av tre lærarar, og dessutan gjennomført eit semistrukturert intervju av lærarane. Studien stiller fylgjande forskingsspørsmål: Korleis kan lærarar i begynnaropplæringa utnytta potensialet som ligg i veileda lesing ved hjelp av materiellet Veileda lesing, og korleis er dette med på å påverka kvaliteten i leseøktene? Denne har eg operasjonalisert gjennom to forskingsspørsmål: 1. Korleis er kvaliteten i leseøktene der læraren brukar materiellet i veileda lesing? 2. Kva erfaringar har lærarane gjort seg av å bruka materiellet i veileda lesing? Resultata viser ein gjennomgåande tendens til at bruk av materiellet legg til rette for at lærarane tilbyr elevane avkodingsstrategiar, og unnlèt å berre lesa orda for elevane. Lærarane brukar også forslaga i materiellet for å samtala om korleis ein kan finna ut av kva orda betyr, og skapa betre flyt i lesinga. I tillegg guida lærarane elevane til å laga sine eigne referansar og justera forståinga si undervegs. Lærarane fortel at dei har oppdaga andre delar av tekstane ein kan arbeida med for å skapa meining, og dei opplever det formålstenleg å ha eit bestemt mål for leseøktene, og å ta notat av elevane si lesing. Eg finn likevel ikkje teikn til at lærarane samtalar om målet for leseøkta med elevane. Dialogen med elevane er prega av eit enkelt kvardagsspråk, og lærarane brukar materiellet i mindre grad enn eg forventa på førehand.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleVeileda lesing i begynnaropplæringa
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel