Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBerge, Ingeborg Margrete
dc.contributor.authorFatnes, Klara
dc.date.accessioned2023-09-05T15:52:08Z
dc.date.available2023-09-05T15:52:08Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.uis:inspera:148940672:149398274
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3087605
dc.description.abstractFøremålet med denne studien har vore å undersøkje korleis Foreningen!les sin Bokslukarpris bidreg til leseopplæring på mellomtrinnet. Masteroppgåva svarer på kva slags tilnærming til lesing av skjønnlitteratur nettressursen til Bokslukarprisen legg opp til og korleis lærarar nyttar Bokslukarprisen. Eit premiss i studien er at nettressursen har påverknad på leseopplæringa i skulen. Studien har eit kvalitativt forskingsdesign som utforskar ein kasus der ein utvald ressurs frå nettressursane til Bokslukarprisen er analysert og eit lite utval lærarar som bruker Bokslukarprisen er intervjua. Det lærarane seier dei gjer i undervisning er det primære i denne studien. Det teoretiske rammeverket i studien består av teori om posisjonering i leseprosessen, resepsjonsteori og det dialogiske klasserommet. Teorien dannar grunnlag for drøfting av analyse saman med tidlegare forsking på lesing av skjønnlitteratur i skulen. Gjennom å analysere eit utval frå nettressursen og intervjua av lærarane, søkjer denne studien å forske på korleis Bokslukarprisen bidreg til leseopplæringa i skulen. Resultata frå studien viser at nettressursane til Bokslukarprisen er strukturert etter ei prosessorientert lesing med bruk av strategiar før, under og etter lesing. Strukturen er ganske lik for alle utdraga og om lærarane nyttar dei akkurat slik, kan det vere ei fare for lite variasjon i leseopplæringa. Vidare viser funn frå analyse at den estetiske lesinga Bokslukarprisen legg opp til, blir nytta av lærarane. Dette skil seg frå studien til Ottesen og Tysvær (2017) der elevane ofte “las for kosen” og i liten grad fekk høve til å snakke om tekstane dei las.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleMeir enn lesing for kosen - Lærarar sin bruk av Bokslukrprisen som ein del av leseopplæringa på mellomtrinnet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel