Forståing av omsorgssvikt i barnehagen: Barnehagelærarars syn og praksis
Description
Full text not available
Abstract
Det overordna temaet i denne studien er omsorgssvikt, og hensikta med oppgåva har vore å undersøke korleis barnehagelærarar definerer omgrepet, og kva tiltak dei gjer for å følge opp ei bekymring for eit barn i barnehagen.
Bacheloroppgåva byggjer på følgande problemstilling: Korleis definerer barnehagelærarar omgrepet omsorgssvikt, og korleis kan ein følge opp ei bekymring eller mistanke om at eit barn er i ein vanskeleg livssituasjon?
Metoden som er nytta i oppgåva er ei empirisk oppgåve basert på kvalitative forskingsintervju med tre barnehagelærarar frå to ulike barnehagar. Oppgåva drøftar omgrepet omsorgssvikt og korleis ein kan følge opp ei bekymring eller mistanke ved hjelp frå eksterne samarbeidspartnarar og gjennom barne- og foreldresamtalar. Konklusjonen frå studien viser at omsorgssvikt er eit vidt omgrep, med mange ulike svar, og for å oppdage dei utsette barna på eit tidleg tidspunkt er det nødvendig at barnehagepersonell får kunnskap om dei ulike signala barna kan gi.
Gjennom denne studien har eg sett at det er viktig å danne gode og trygge relasjonar med barna i barnehagen for å bli kjent med dei og deira behov, og for å kunne oppdage endringar i åtferd og åtferdsuttrykk. Samarbeid internt, eksternt og med foreldre er sentralt her for å følge opp ei bekymring og vidare følge opp eit barn som kan vera i fare. Det er store forskjellar når det kjem til terskelen for å melde frå om ei bekymring til barnevernet, men dei fleste barnehagar har gode støtteapparat utanom som dei kan drøfte enkeltsaker med.