Kjønnsforskjellar i digital og papirbaserte prøvar i lesing
Master thesis
View/ Open
Date
2016-12-09Metadata
Show full item recordCollections
- Studentoppgaver (HF-IGIS) [1089]
Abstract
Denne oppgåva ser på kjønnsforskjellar i digitale og papirbaserte prøvar i lesing. Dette er studert gjennom resultat frå hovudpiloteringa i nasjonal prøve i lesing hausten 2015. Studien ser om det er kjønnsforskjellar i prøven og prøver å finne ut om gutar hopper over fleire opne oppgåver, oppgåver der svar på oppgåva må formulerast og skrivast, enn det jenter gjer. Studien prøver vidare å sjå om det er skilnad i resultatet frå papir versjon av prøven og digital versjon av prøven. Det ser ut til at jenter fortsatt les betre enn gutar. Dette gjeld både lesing på papir og digitalt. Ut frå denne studien ser det ikkje ut til at gutar hopper over fleire opne oppgåver enn jenter. I diskusjonen er det òg retta fokus på forskjellane mellom prøvane tatt på papir og digitalt. Det er sett på kjønnsforskjellar innan kort og lang tekst, fagtekst og skjønnlitterærtekst, tekst med mykje scrolling og tekst med lite scrolling. Det er sett på kjønnsforskjellar innan fleirvals-, samansette- og opne- oppgåver og innan leseaspekta finne, tolke og vurdere.
Description
Master's thesis in Special education