• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Universitetet i Stavanger
  • Faculty of Arts and Education
  • The reading centre
  • Studentoppgaver (Lesesenteret)
  • View Item
  •   Home
  • Universitetet i Stavanger
  • Faculty of Arts and Education
  • The reading centre
  • Studentoppgaver (Lesesenteret)
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Dialog og utforsking. Litterære samtalar på ungdomstrinnet

Pareliussen, Isabella
Master thesis
Thumbnail
View/Open
no.uis:inspera:111825249:56192621.pdf (1.704Mb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/3019285
Date
2022
Metadata
Show full item record
Collections
  • Studentoppgaver (Lesesenteret) [79]
Abstract
Formålet med masteroppgåva var å undersøkje korleis ein kan legge til rette for utforsking av ein tekst i norskfaget i ei klasse, og korleis ein slik klassesamtale utfalda seg. Studien kvilte på eit premiss om at elevane vil utforske ein tekst når dei får høve til det, Tidlegare undersøkingar har vist at utforskande samtalar i er sjeldne i norsk skule. Masteroppgåva svarar på kva som skjer med det dialogiske rommet når elevar på ungdomstrinnet får velje tekst og stille eigne spørsmål som utgangspunkt for utforskande samtale.

Studien har eit kvalitativt design med aksjonsforsking av ein kasus. Det er nytta metodetriangulering i analysar av transkriberte lydopptak frå ein klassesamtale, individuelle intervju frå tre elevar, systematisk observasjon frå to lærarar og feltnotat frå to lærarar. Det teoretiske rammeverket er sett saman av sosiokulturell teori, med vekt på Vygotskij og Bakhtin.

Resultata viste at elevane sette pris på å få velje eigne tekstar og stille eigne spørsmål. Dette bidrog til elevmedverknad. I klassesamtalen brukte elevane først eit tradisjonsprega mønster for samtale. Etter kvart førte ulike meiningar om kva teksten kunne bety til meir reell utforsking. Ulike elevstemmer kom fram. Læraren, som i utgangspunktet ikkje skulle delta, valde å intervenere, noko som påverka samtalen i ein dialogisk retning, men også i ein meir autoritativ retning der læraren sitt syn tok meir plass. Læraren sin inngripen viser nokre av utfordringane ved lærarrolla, som dilemma mellom å lære elevane fagspesifikke arbeidsmåtar, og å la elevane utforske tekst på eigne premiss.
 
 
 
Publisher
uis

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit