Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBerge, Ingeborg Margrete
dc.contributor.authorPareliussen, Isabella
dc.date.accessioned2022-09-20T15:51:55Z
dc.date.available2022-09-20T15:51:55Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.uis:inspera:111825249:56192621
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3019285
dc.description.abstractFormålet med masteroppgåva var å undersøkje korleis ein kan legge til rette for utforsking av ein tekst i norskfaget i ei klasse, og korleis ein slik klassesamtale utfalda seg. Studien kvilte på eit premiss om at elevane vil utforske ein tekst når dei får høve til det, Tidlegare undersøkingar har vist at utforskande samtalar i er sjeldne i norsk skule. Masteroppgåva svarar på kva som skjer med det dialogiske rommet når elevar på ungdomstrinnet får velje tekst og stille eigne spørsmål som utgangspunkt for utforskande samtale. Studien har eit kvalitativt design med aksjonsforsking av ein kasus. Det er nytta metodetriangulering i analysar av transkriberte lydopptak frå ein klassesamtale, individuelle intervju frå tre elevar, systematisk observasjon frå to lærarar og feltnotat frå to lærarar. Det teoretiske rammeverket er sett saman av sosiokulturell teori, med vekt på Vygotskij og Bakhtin. Resultata viste at elevane sette pris på å få velje eigne tekstar og stille eigne spørsmål. Dette bidrog til elevmedverknad. I klassesamtalen brukte elevane først eit tradisjonsprega mønster for samtale. Etter kvart førte ulike meiningar om kva teksten kunne bety til meir reell utforsking. Ulike elevstemmer kom fram. Læraren, som i utgangspunktet ikkje skulle delta, valde å intervenere, noko som påverka samtalen i ein dialogisk retning, men også i ein meir autoritativ retning der læraren sitt syn tok meir plass. Læraren sin inngripen viser nokre av utfordringane ved lærarrolla, som dilemma mellom å lære elevane fagspesifikke arbeidsmåtar, og å la elevane utforske tekst på eigne premiss.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisheruis
dc.titleDialog og utforsking. Litterære samtalar på ungdomstrinnet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel