Bruk av lærarhandlingar for å støtta kollektiv resonnering og argumentasjon hjå elevar i heilklassesamtalar i matematikkundervisning
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3081473Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
«Resonnering og argumentasjon» er eitt av kjerneelementa i den nye læreplanen i matematikk, og har med det fått auka fokus og ein viktig plass i matematikkfaget i skulen. Med bakgrunn i dette har denne studien som føremål å samla kunnskap om resonnering og argumentasjon i heilklassesamtalar i matematikkundervisning, og tek sikte på å gje svar på fylgjande forskingsspørjemål: Korleis nyttar læraren ulike typar handlingar for å støtta kollektiv resonnering og argumentasjon hjå elevar i heilklassesamtalar i matematikkundervisninga på 5. trinn? Det vart samla inn data gjennom observasjon av ein lærar si matematikkundervisning på 5. trinn, og gjennomført ein teoridriven analyse av dette datamaterialet. Resultata vert diskutert i ljos av relevant tidlegare forsking.
Studien konkluderer med at læraren støttar kollektiv resonnering og argumentasjon hjå elevane mellom anna gjennom å nytta få direkte bidrag til kollektiv resonnering og argumentasjon, slik at elevane får rom for å trena på å utveksla resonnement og argument med kvarandre. I tillegg nyttar læraren mange spørjande handlingar og ein del andre støttande handlingar som både direkte oppfordrar elevane til å resonnere og argumentere i heilklassesamtalane, og legg til rette for ein klasseromskultur som fremjar kollektiv resonnering og argumentasjon.